Tid og stad:
- Mandag 10. februar kl. 19 - 22, digital kurskveld
- Laurdag 15. februar kl. 10.30 - 17.30, Klubbhuset Nordbygda
- Søndag 16. februar kl. 10.30 - 17.30, Klubbhuset Nordbygda
- Digital oppfølgingssamling før sommarferien (tid blir avtalt på kurset)
Innhald:
I løpet av kurset vil deltakarane lære mykje om seg sjølv, korleis idretten er organisert og korleis dei kan påverke sin eigen idrettskvardag. Deltakarane vil også auke nettverket sitt. På kurset jobbar ein med smarte mål og utarbeidar ein handlingsplan med tiltak dei skal gjennomføre.
På dette kurset samarbeider vi med Masfjorden idrettsråd og Gulen idrettsråd, og ein kan til dømes få jobbe med innspel til kommunedelplan om idrett, samt involvere seg i planlegginga av idrettsanlegg, til dømes fleirbrukshall. Det vil bli gitt meir informasjon om dette på kurset.
Kursinnhaldet på digital kurskveld og kurshelga er slik:
• Modul 1: Bli kjent
• Modul 2: Rollemodell
• Modul 3: Sjølvtillit, sjølvbilete og sjølvkjensle
• Modul 4: Medlemmet i sentrum
• Modul 5: Du som ressurs
• Modul 6: Fra mål til handling
• Modul 7: Kommunikasjon
• Modul 8: Presentasjonsteknikk
Etter nokre månader blir det ei oppfølgingssamling der kursdeltakarane går gjennom korleis tiltaket dei planla på kurshelga har gått, og kva ein har lært av å jobbe med tiltaket.
Kurshaldar Vestland idrettskrets: Kristiane Utheim Brown