10
Feb
2025

Leiarkurs for ungdom - Masfjorden og Gulen

Host: Vestland idrettskrets, Masfjorden idrettsråd og Gulen idrettsråd
Location: Digitalt og Klubbhus Nordbygda, Hosteland
Start: 10.02.2025 19:00
Stop: 16.02.2025 17:30
Deadline for signup: 31.01.2025 23:59    Link to signup

Leiarkurs for ungdom er eit kurs for deg mellom 15 – 19 år som anten har eller ynskjer å ta eit større ansvar i idrettslaget eller idrettsrådet. Deltakarane får gjennom kurset kunnskap om kva det vil seie å vere ein frivillig ressurs i idretten, og ikkje minst bli motivert til å ynskje og tørre å ta ansvar i eige idrettslag.

Tid og stad: 

  • Mandag 10. februar kl. 19 - 22, digital kurskveld
  • Laurdag 15. februar kl. 10.30 - 17.30, Klubbhuset Nordbygda
  • Søndag 16. februar kl. 10.30 - 17.30, Klubbhuset Nordbygda
  • Digital oppfølgingssamling før sommarferien (tid blir avtalt på kurset)

Innhald:

I løpet av kurset vil deltakarane lære mykje om seg sjølv, korleis idretten er organisert og korleis dei kan påverke sin eigen idrettskvardag. Deltakarane vil også auke nettverket sitt. På kurset jobbar ein med smarte mål og utarbeidar ein handlingsplan med tiltak dei skal gjennomføre.

På dette kurset samarbeider vi med Masfjorden idrettsråd og Gulen idrettsråd, og ein kan til dømes få jobbe med innspel til kommunedelplan om idrett, samt involvere seg i planlegginga av idrettsanlegg, til dømes fleirbrukshall. Det vil bli gitt meir informasjon om dette på kurset. 

Kursinnhaldet på digital kurskveld og kurshelga er slik: 

• Modul 1: Bli kjent
• Modul 2: Rollemodell
• Modul 3: Sjølvtillit, sjølvbilete og sjølvkjensle
• Modul 4: Medlemmet i sentrum
• Modul 5: Du som ressurs
• Modul 6: Fra mål til handling
• Modul 7: Kommunikasjon
• Modul 8: Presentasjonsteknikk

Etter nokre månader blir det ei oppfølgingssamling der kursdeltakarane går gjennom korleis tiltaket dei planla på kurshelga har gått, og kva ein har lært av å jobbe med tiltaket. 

Kurshaldar Vestland idrettskrets: Kristiane Utheim Brown

Kristiane Utheim Brown
Kristiane Utheim Brown
Kursholder, Vestland idrettskrets

Styrekurs for idrettslag
Leiarkurs for ungdom 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag