Vi er svært takksame og audmjuke over at vi får denne moglegheita seier Sara Stokken Rott og Magnus Hesjedal Hartwig. Foto: Janne Landås/VIK
Vi er svært takksame og audmjuke over at vi får denne moglegheita seier Sara Stokken Rott og Magnus Hesjedal Hartwig. Foto: Janne Landås/VIK

Deltar på Det internasjonale olympiske akademiet i Hellas

Sara Stokken Rott og Magnus Hesjedal Hartwig er plukka ut til å delta på Det internasjonale olympiske akademiet (IOA) i Hellas. Akademiet, som vert halde frå 8. til 21. juni, samlar unge idrettsleiarar frå heile verda for å diskutere dagsaktuelle tema innan idrett.

Årets tema "the athletes in society", skal utforskast gjennom forelesingar, gruppediskusjonar, oppgåver, ekskursjonar og ei rekkje idretts- og kulturaktivitetar.

Norges idrettsforbund ønskjer at representantar frå norsk idrett skal delta på slike samlingar for å tileigne seg kunnskap og internasjonal erfaring og samstundes bidra til å spreie dei norske idrettsverdiane internasjonalt.

Sara og Magnus har vore gjennom ein søknadsprosess hos NIF og eit av kriteria for å kunne søkje om deltaking var at søkaren måtte vere mellom 20 og 30 år. Søkar må kunne vise til erfaring frå engasjement i idretten og ha tilknyting til anten særforbund, idrettskrets eller eit anna organisasjonsledd i norsk idrett. I tillegg må søkar ha deltatt på Norges Olympiske akademi (NOA) ved Nansenskolen på Lillehammer.

Dei to representantane frå Vestland, som blant anna har vore sentrale i vårt ungdomsutval dei siste åra, er svært begeistra for denne unike moglegheita. Dei ser fram til å møte dyktige idrettsleiarar frå ulike land og dele kunnskap og erfaringar på tvers av idrettsforbund og olympiske komitear. "Det å kunne setje seg meir inn i internasjonal idrettspolitikk og organisasjonsleiing er ei fantastisk moglegheit", seier Sara. "Høgdepunktet blir absolutt å utvide nettverket og få relasjonar over heile verda", legg Magnus til.

Nyhenda om at dei var plukka ut til å delta på akademiet, kom som ei stor overrasking. "Vi sat saman og åt lunsj då vi fekk e-post frå NIF. Vi var begge rimeleg sjokkerte og svært takksame og audmjuke over at vi får denne moglegheita", fortel Sara og Magnus.

Deltakinga på det internasjonale olympiske akademiet vert sett på som ein svært viktig møteplass. "Internasjonalt samarbeid er noko av det viktigaste ein kan jobbe med for tida, både i idretten og elles i samfunnet. Idretten er ein unik arena for samarbeid, utvikling av forståing, likestilling og inkludering. Kulturell utveksling og erfaringsdeling på ein slik møteplass er viktig for å auke forståinga for andre kulturar og haldningar", seier Magnus.

Frå Noreg tek dei med seg viktige saker inn på den internasjonale arenaen. Ein av dei avsluttande forelesingane, "Empowering all in sports for inclusive excellence", ligg tett opp mot NIFs visjon om idrettsglede for alle. Sara og Magnus håpar å kunne hente mykje inspirasjon frå denne forelesinga.

Når det kjem til pakking, er det nokre essensielle ting som må med. "Solkrem, masse t-skjorter og idrettsforbundet sitt regnbogekapteinsbind er sjølvsagt med i kofferten", smiler dei.

Vi ønskjer Sara Stokken Rott og Magnus Hesjedal Hartwig lukke til på Det internasjonale olympiske akademiet og ser fram til å høyre om deira erfaringar og lærdomar når dei kjem attende!

Sara Stokken Rott og Magnus Hesjedal Hartwig i Hellas 2024.jpg

Her er Sara og Magnus på plass i Hellas og godt i gang med deltakinga på det internasjonale olympiske akademiet.

Sara Stokken Rott og Magnus Hesjedal Hartwig i Hellas2_2024.jpg