Tilskotet skal stimulere til relativt hyppig løypekøyring i anlegg som fyller regional funksjon som utfartsåre for langrenn og turlangrenn. I tillegg bør anlegget ha kapasitet til å gjennomføre regionale konkurransar.
Vi legg vekt på desse kriteria i tildelinga:
- Geografisk spreiing som utfartsåre for langrenn og turlangrenn
- Regionale og større meisterskap siste 3 åra, samt framtidige fastsette meisterskap
- Midlane skal nyttast til drift og/eller til innkjøp av driftsutstyr
- Eigen kommune må gå inn med tilsvarande driftsstøtte eller meir
- Anlegg som mottek fylkeskommunal driftsstøtte, til løypekøyring for undervisning på vidaregåande nivå, vert ikkje prioritert
Kven kan søkje?
Skianlegg eigd av idrettslag, stiftingar og/eller kommunar i Vestland fylke kan sende inn søknad til sine anlegg på elektronisk søknadsskjema.
Tildeling
- Vestland idrettskrets får fagleg bistand frå skikretsane med vurdering av søknadane.
- Vestland idrettskrets tek atterhald i storleiken på tilskotet dersom det skulle vere få eller mange kvalifiserte søkjarar.
Rapportering
Idrettslag/stifting/kommune som mottek støtte skal innan påfølgjande år gje ein kort skriftleg rapport om korleis støtta har vore nytta, samt leggje ved ein årsrapport for anlegget.
Søknadsfrist:
Innen utløpet av 30. mars 2025
Til søknadsskjema
OPPTAK av webinar 4. mars 2025 - Tilskot til skianlegg
PRESENTASJON webinar 4. mars 2025 - Tilskot til skianlegg
Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2024
Søk om Trafikktryggleik på Vestland fylkeskommune sin nettside her