Lågterskel fysisk aktivitet 2025

Idrettskretsen har fått tildelt midlar frå Vestland fylkeskommune i støtteordninga "Lågterskel fysisk aktivitet for barn, ungdom, unge vaksne og eldre 2025". 

Vi opnar no for søknadar på støtteordninga. Kven som kan søke og kva type kategoriar/tiltak ein kan søke på finn de under. 

  • Søknadsfrist alle kategoriar: 10. april 2025
  • Søknadsskjema: SØK HER
  • Tildeling: Seinast veke 19 - 2025
  • Rapportering: Innan 1. februar 2026

Kva er lågterskelaktivitet?  Med lågterskelaktivitet meiner vi det skal vere fokus på å skape og vedlikehalde fleire aktivitetsmoglegheiter der idrettsglede, inkludering og samarbeid står sentralt. Det skal gjerast ein ekstra innsats for å få med dei som ikkje er aktive i idrett frå før, dei som står i fare for å falle i frå, og det skal leggjast ekstra vekt på sårbare grupper (til dømes personar i låginntektsfamiliar). 

Målgruppe: 
Barn, ungdom, unge vaksne og eldre 

Kven kan søke:
Særkretsar og regionar med aktivitet blant målgruppa i Vestland idrettskrets

Prioriteringar:

  • Tiltak som reduserer barrierer for deltaking (økonomisk, kulturelt eller sosialt)
  • Tiltak retta mot inkludering gjennom idrett
  • Tiltak som gjer det enklare å vere aktive i lokalmiljøa
  • Tiltak som har medverknad frå målgruppa/-ene

Sjekkpunkt:

  • Skapar tiltaket vårt varig auke i aktivitet blant målgruppa/-ene?
  • Kan tiltaket vårt gi ny kompetanse og overføringsverdi til andre? 
  • Kan vår "modell" delast med andre? 
  • Har vi sørga for medverknad frå målgruppa/-ene?
  • Kan tiltaket vårt fremje fysisk aktivitet blant ulike grupper samtidig i same område? 
  • Har vi sørga for å skildre kva det er med vårt tiltak som gjer at det har låg terskel for å delta? 

Vi gir ikkje støtte til: 

  • Ordinær drift og investeringar
  • Einskildarrangement eller eingongshendingar 
  • Utstyr blir vurdert dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket 

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr.  400 000 

Kontaktperson: Helene Fraas, Bodil Ryste

Vestland idrettskrets si målsetjing:

Idretten skal bidra til å skape gode ferieminner for barn og ungdom, med idrettsglede, positiv meistringsfølelse og vennskap i fokus.  

Kven kan søke: 

Idrettslag i Vestland

Målgruppe: 

Barn og ungdom i alderen 6-19 år, med ekstra vekt på dei som ikkje er aktive i idrett frå før og sårbare grupper (til dømes personar i låginntektsfamiliar).

Kva kan idrettslaget søke på?

Idrettslag kan søke på midlar til gjennomføring av idrettsaktivitet i feriar og planleggingsdagar.

Døme:
Instruktørhonorar, leige av hall. Utstyr kan søkast på dersom det er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Idrettslaget kan også få tildelt midlar til frikjøp av plassar på eksisterande ferieaktivitet.

Kriterium:

  • Tiltaket må innehalde minimum tre ulike idrettar/aktivitetar
  • Tiltaket må gjennomførast i løpet av 2025
  • Vi oppfordrar til samarbeid med andre idrettslag og/eller andre frivillige organisasjonar
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift  

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 200 000
Maks tildeling per idrettslag: kr. 25 000

Kontaktperson: Helene Fraas, Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets si målsetjing:

Idrettslag skal skape opne møteplassar for barn og unge i sitt nærmiljø der ulike lågterskel idrettsaktivitetar er i fokus og alle kan delta etter sine ønskjer og behov. 

Kven kan søke:

Idrettslag i Vestland

Målgruppe: 

Barn og ungdom i alderen 6-19 år, med ekstra vekt på dei som ikkje er aktive i idrett frå før eller står i fare for å falle i frå, og sårbare grupper (til dømes personar i låginntektsfamiliar).

Kva kan idrettslaget søke på?

“Open hall” er tiltak for å samle ei eller fleire målgrupper til å ha ulike idrettsaktivitetar saman. Slike tiltak kan gjennomførast i hall eller utandørs på andre idrettsarenaer.

Døme:
Instruktørhonorar og leige av hall/anlegg. Utstyr kan søkast på dersom det er nødvendig for å gjennomføre tiltaket.

Kriterium:

  • Tiltaket må innehalde minimum tre ulike idrettar/aktivitetar
  • Vi oppfordrar til samarbeid med andre idrettslag og/eller andre frivillige organisasjonar
  • Tiltaket skal vere ope og gratis for deltakarane
  • Vi vil særskilt prioritere idrettslag som involverer ungdom eller ungdomsutval i planlegging og gjennomføringa. 
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 150 000 
Maks tildeling per idrettslag: kr. 25 000

Kontaktperson: Helene Fraas, Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets sitt mål:

Vi ønskjer at tilskotet skal bidra til å sikre idrettsglede for alle. Idretten skal vere ein stad å høyre til. 

Kven kan søke:

Idrettslag i Vestland

Målgruppe:

Barn og ungdom, unge vaksne og eldre som står i fare for å falle utanfor på grunn av økonomiske barrierer. 

Kva kan idrettslaget søke på? 

Idrettslaget kan søke om tilskot til sitt inkluderingsfond. Midlane kan brukast til treningsavgift, nødvendig utstyr, lisens, deltaking på cup, turnering, konkurransar/samlingar. Merk at tilskotet ikkje kan brukast til å dekke medlemskontingenten. 

Kriterium: 

  • Idrettslaget må ha satt inkluderingsarbeidet sitt i system. Vedtekter til fondet, lenke til søknadsskjema og namn på kontaktperson må opplysast i søknadsskjema
  • Det er ønskjeleg at det framgår tydeleg i idrettslaget sine dokument at inkludering er noko idrettslaget satsar ekstra på 
  • Merk at midlane ikkje kan dekke medlemskontingenten
  • Idrettslaget må rapportere på bruken av midlane. I rapporten må det gå fram kor mange som har mottatt inkluderingstilskot, og kva støtta er brukt til. Idrettslaget må derfor ha ei skriftleg oversikt på bruken av midlane og kva støtta går til. 

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 200 000,- 
Maks tildeling per idrettslag: kr. 25 000,- 

Kontaktperson: Helene Fraas

Idrettslag i område Sogn og Fjordane? Sjå også Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt inkluderingsfond. Her er det løpande søknadsfrist. 

Helene Fraas
Helene Fraas
Rådgiver inkludering flerkulturelle

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag