Illustrasjon

Tilkomst til og tilgjengelegheit på Idrettens Hus, Bergen

Tilkomst til og tilgjengelegheit på Idrettens Hus Bergen (Fjøsangerveien 68) – vi held til i 3. etasje:

Tilkomst:

Sykkel: Parkeringsstativ utanfor hovuddøra. Bysykkelstativ på nedsida av bygget.

Buss: Reperbanen busstopp – 1 min gange.

Bybane: 
Linje 1 til Kronstad. Ca 7 min gange, følg gangvegen mot Fyllingsdalen.
Linje 2 til Mindemyren. Ca 5 min gange – følg gangvegen mot Danmarksplass.

Bil: Innkøyring frå Kanalveien. Det er parkeringsplassar merka "Besøkende" utanfor hovuddøra til Idrettens Hus (mot Fjøsangervegen – nivå P3).

 

Tilgjengelegheit:

Skyvedør og automatiske døropnarar i inngangspartiet på vestleg side inn til heis og trapperom. Inngang på austleg side utan automatisk døropnar.

Skilt med svart tekst på grå bakgrunn i inngangsparti og i heis. Skilt med svart tekst på kvit bakgrunn inn i 3. etasje med oversikt over kvar dei ulike organisasjonane sit.

Trappestol for evakuering av rullestolbrukar via trapp.

HC-toalett i begge endar av bygget.

Tersklar inn til alle møterom.