Ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets består av idrettsengasjert ungdom som jobbar for å styrke ungdomsidretten i fylket. Under ser du meir om oppgåvene og kven som er med i ungdomsutvalet.
Her kan du gå rett til søknadsskjema/nominering!
Konkrete oppgåver:
- drøfting av ulike saker av betydning for ungdomsidrett (ungdomsutvalet har tett kontakt med idrettskretsstyret gjennom ung representant i styret)
- planlegging og gjennomføring av ulike møteplassar for ungdom
- marknadsføring/rekruttering av deltakarar til leiarkurs for ungdom
- klubbesøk med tema ungdomsidrett
Ungdomsutvalet er spesielt opptatt av ung medbestemmelse, ungt engasjement, fellesskap/samhald i ungdomsidretten, og fleire med - lenger.
Kor ofte er det møte og kva forventar vi?
Utvalet har regelmessige møte gjennom året, og det varierer mellom digitale og fysiske møte. Kor mange møte er det utvalet sjølv som bestemmer, men som regel er det møte i framkant av idrettskretsstyret sine møte, det vil seie om lag ein gong per månad. Det er også ei årleg samling med overnatting saman med idrettskretsen sitt styre og dei som jobbar i administrasjonen.
Vi forventar at medlemmar av ungdomsutvalet deltek aktivt i planlegging og gjennomføring av møte og er aktive med innspel og idéar til ulike saker og tiltak som blir tatt opp. Alle i utvalet får ulike ansvarsoppgåver-/roller (t.d. instagramkanal).
Kva får du?
- Leiarkurs for ungdom (om du ikkje har tatt kurset tidlegare)
- Høve til å delta på ulike nasjonale møteplassar for ungdom
- Høve til å bidra med innspel til styret i idrettskretsen sitt arbeid
- Høve til å bidra til lokale/regionale møteplassar for ungdom
- Representasjonstøy (t-skjorte og hettejakke)