Styreleiar i Vestland idrettskrets Nils R. SandaI og idrettspresident Zaineb Al-Samarai.
Foto: Janne Landås / Geir Owe Fredheim, Norges idrettsforbund
Styreleiar i Vestland idrettskrets Nils R. SandaI og idrettspresident Zaineb Al-Samarai. Foto: Janne Landås / Geir Owe Fredheim, Norges idrettsforbund

Vi kan ikkje gamble bort 358 millionar til Vestlandsidretten!

I 2024 mottok idretten i Vestland heile 358 millionar kroner frå overskotet til Norsk Tipping. Fleire titals millionar vart òg fordelte til den kulturelle skulesekken i fylket. I tillegg fordeler staten ein betydeleg del av overskotet til Norsk Tipping til andre samfunnsnyttige formål.

Dette er pengar som går til å byggje idrettsanlegg, til lokale aktivitetsmidlar og grasrotmidlar i kvart einaste idrettslag, pengar til kor, korps og teater, og til beredskapen til Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Redningsselskapet. Overskotet finansierer òg Den kulturelle skulesekken og delar av arbeidet til Kreftforeininga, Nasjonalforeininga for folkehelsa og Norsk Friluftsliv – og mykje, mykje meir. Dette risikerer vi å miste dersom den norske pengespelmodellen ryk. 

Om få dagar er det landsmøte i Høgre. Der skal dei vedta framtidas politikk for partiet. I utkastet til partiprogrammet ligg det eit forslag om å bevare den norske pengespelmodellen. Ordninga sikrar at Norsk Tipping og Norsk Rikstoto er dei einaste som kan tilby pengespel i Noreg, og ho sikrar at utanlandske, uregulerte selskap ikkje har lov til å tilby sine vanedannande og uansvarlege spel i landet vårt. 

Samtidig ligg det ei mindretalsfråsegn frå programkomiteen. Nokre av Høgre sine medlemmar ønskjer  å liberalisere dagens ordning og tillate at utanlandske pengespelselskap får etablere seg i Noreg. Vi må fortelje Høgre at vi støttar den ansvarlege politikken partiet har hatt i alle år. Vi må fortelje Høgre at det ikkje er nokon av organisasjonane som arbeider mot spelavhengnad, som ønskjer ei endring, og vi må fortelje Høgre at det ikkje er nokon av organisasjonane som mottar tilskot frå overskotet til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, som ønskjer seg forandring. 

For kvifor skulle dei det? Kvifor skulle Vestlandsidretten det? Alt overskot frå Norsk Tipping blir fordelt til samfunnsnyttige formål i Noreg. Nesten åtte milliardar kroner blir i år fordelte til idrett, kultur og humanitære organisasjonar over heile landet. Kor stort overskot skal dei private eigarane på Malta og i Luxembourg ta ut før dei i det heile tatt har betalt éi krone i skatt eller avgift til samfunnet? 

Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors, Redningsselskapet, Blå Kors, Frelsesarmeen og meir enn 70 andre frivillige organisasjonar har saman stilt seg bak ein politikk som sikrar ansvarlegheit i pengespel – og i den politikken står Norsk Tipping og Norsk Rikstoto sin einerett til å tilby pengespel heilt sentralt. 

Som vi alle har kunna lese i media i det siste, går det føre seg ein koordinert mediekampanje basert på feilinformasjon og lause tal, regissert av Bransjeorganisasjonen for onlinespel (NBO). Målet er å få Høgre til å skrote den norske pengespelmodellen og bytte han ut med ei lisensordning som sender pengane til private eigarar i staden for til samfunnsnyttige formål. Deira einaste interesse er å tene mest mogleg pengar på at flest mogleg gamblar bort mest mogleg. 

Det er ikkje noko gale i å prøve å tene pengar. Det som er gale er at dei skor seg på dei spelavhengige, det får følgjer for den ansvarlege spelpolitikken og det rammar ei solidarisk overskotsfordeling der 100 prosent av overskotet går til samfunnsnyttige formål i Noreg. Det er ikkje slik som NBO, ved sin generalsekretær Carl Fredrik Stenstrøm, seier – at det blir meir pengar av å sleppe til dei utanlandske selskapa. Om det var sant, kvifor er det då ingen av overskotsmottakarane som støttar Stenstrøm? Skulle det samla sett bli meir pengar frå pengespel, måtte det spelast for så mykje meir at det først måtte dekkje inn dagens overskot frå Norsk Tipping og deretter skape meir overskot. Det er for godt til å vere sant – og difor er det heller ikkje det. 

Idretten i Vestland lurer på kva for ein kvardag barna og barnebarna våre vil møte i framtida dersom Stenstrøm vinn fram. Ei fotballbane mindre, ein kordirigent i manko, endå lengre køar for å få spele handball eller basketball? Trur vi at staten utan vidare vil oppretthalde ei ordning – finansiert over statsbudsjettet i konkurranse med andre gode formål – som sikrar føreseielege rammevilkår for frivilligheita? 

Idrettsforbundet er Noregs største barne- og ungdomsorganisasjon. Vi bryr oss om korleis vi er finansierte – og vi vil ikkje ha mindre ansvarlegheit og fleire spelavhengige. Vi vil behalde ei stabil og føreseieleg inntekt gjennom overskotet frå ein godt regulert og ansvarleg aktør som Norsk Tipping. 

Ein lisensmodell vil truleg auke talet på spelarar med speleproblem – vi kjenner alle nokon – og overføringane til kultur, idrett og humanitære organisasjonar vil bli reduserte. 

Idretten i Vestland og i heile landet treng ei vidareføring av dagens pengespelmodell med ansvarlegheit som styrande prinsipp.