12 engasjerte ungdommar som deltok på Leiarkurs for ungdom i Masfjorden nyleg. Foto: John Torsvik
12 engasjerte ungdommar som deltok på Leiarkurs for ungdom i Masfjorden nyleg. Foto: John Torsvik

Vel gjennomført Leiarkurs for ungdom i Masfjorden

I løpet av ei digital kveldssamling og to intensive dagar med oppmøte på klubbhuset på Hosteland fekk deltakarane bryne seg på blant anna å halde presentasjonar og å lage planar for prosjekt i eige idrettslag. 

Kva får deltakarane ut av kurset? 

Kurshaldar Eivind Holskar Hansen frå Vestland idrettskrets forklarar at ungdommane får utforska leiareigenskapane sine og dei får jobba med å finne ut meir om sin plass i idrettslaget - gjennom korleis du tek ansvar, kva som vert forventa av deg i ulike roller og kva du kan vere med å påverke. 

Deltakarane er også blant anna innom tema som sjølvtillit, sjølvbilete og sjølvkjensle, og dei jobbar med korleis ein kommuniserer med andre og korleis ein presenterer innhald. Dei blei også utfordra på å konkretisere kva som må til for å få til ting dei synest manglar eller dei ynskjer meir av i lokalmiljøet. Kurset har også fokus på det sosiale og å bli kjent. 

Spennande prosjekt framover

No ventar ein periode der ungdommane jobbar med eigne prosjekt i lokalmiljøet, før det heile vert oppsummert i ei oppfølgingssamling over sommarferien.

Kurshaldar seier det vert spennande å følge prosjekta framover, og lokalt kan ein vente seg blant anna aktivitetar for barn og eldre i tilknytning til eksisterande arrangement, samt utvikling av e-sport-aktivitet. 

Stor takk til idrettsråda i Masfjorden og Gulen 

Idrettskretsen vil rette ei stor takk til leiar i Masfjorden idrettsråd, John Torsvik, som har jobba svært aktivt med å marknadsføre og rekruttere deltakarane blant dei lokale idrettslaga og i e-sportmiljøet. Det vart god oppslutnad med 12 deltakarar totalt. Kurset har vore eit samarbeid mellom idrettsråda i Gulen og Masfjorden, der idrettskretsen stått for det faglege innhaldet og stilt med kursinstruktørar.