Som småbarnsmor og som bestefar er vårt største ønske for barna våre at dei skal ha ein stad å høyre til. Ein stad der dei kan få seg vener, oppleve meistring og bli sett. Eit fellesskap der dei kan utfordre seg sjølve og finne meining i det dei gjer. Og nettopp dette skapar idretten – kvar einaste dag.
I Vestland har vi over 220 000 medlemmar, noko som gjer oss til den største frivillige organisasjonen i fylket. Og om vi tek med alle eldsjelene, trenarane, lagleiarane, foreldra, vaffelsteikarane, draktvaskarane og supportarane – kor mange er eigentleg ein del av dette fellesskapet? Kor mange når vi kvar dag? Det er verkeleg noko å reflektere over.
Idrettslaga er limet i samfunnet vårt, og grunnmuren er bygd på frivillig innsats og dugnad. For å kunne leggje til rette for idrettsglede gjennom heile livet, er vi heilt avhengige av at folk engasjerer seg og tek på seg viktige verv.
TUSEN TAKK for den innsatsen du har gjort i 2024 – du gjer ein verkeleg forskjell! Vi håpar du får ei fredeleg og god jul, og vi ser fram til eit nytt og innhaldsrikt idrettsår i Vestland i 2025.
Varme julehelsingar frå Vestland idrettskrets
ved styreleiar Nils R. Sandal og organisasjonssjef Randi Marie Berntsen Farnes