Illustrasjon

Kjære alle dykk i Vestland som er glad i idrett

Vi nærmar oss utgangen av 2022 og det er tid for å sjå tilbake på dette spesielle året. Spesielt og utfordrande har det vore også for oss i idretten her vest. Pandemi, uro og krig som stadig kjem nærmare  pregar oss i kvardagen vår.

Med dette bakteppet er behovet for fellesskap, glede og tryggleik sterkare no enn på lang tid. Her har idrett med sitt verdigrunnsyn vore viktig og vil stadig bli ein viktigare aktør gjennom å skape møteplassar der folk i alle aldrar kan få realisert sine draumar gjennom det gode fellesskapet.

Det er menneska saman som skapar og utviklar lokalsamfunna også her i Vestland. Idretten er ein viktig aktør som skapar gode menneske gjennom sin aktivitet.

Når eg ser tilbake på dette året vil eg uttrykkje respekt, glede og takksemd for alt det fantastiske arbeidet de alle, frivillege, aktive, tilsette, tillitsvalde, støttespelarar på ulik vis, gjer for at idrettsglede skal vere noko meir enn ein talemåte. Trass i spesielle utfordringar dette året har de stått på med styrke for noko vi trur på. Imponerande.

Takk for dei mange opplevingane vi også dette året har fått på dei mange idrettsarenaene rundt i fylket vårt, med spenning, stoltheit og glede. Det gjer noko med oss når vi får oppleve det fine i fellesskapet der unge og eldre med ulik kulturbakgrunn, ulike funksjonshemmingar og ulikt språk kjem saman i ekte idrettsglede.  Eg vil ynskje dykk alle ei fredeleg julehøgtid og eit godt nytt år.

La oss gå inn i det nye året med ein motivasjon og eit ynskje om at endå fleire skal få ta del i det fine felleskapet som idretten legg til rette for.

 

Med venleg helsing
Nils R Sandal
Styreleiar Vestland idrettskrets