Leiarkurs for ungdom 15-19 år

Leiarkurs for ungdom er eit kurs for deg mellom 15-19 år som anten har eller ynskjer å ta eit større ansvar i eige idrettslag.

Deltakaren får i dette kurset kunnskap om kva det vil seie å vere ein frivillig ressurs i idretten, og ikkje minst bli motivert og inspirert til å ynskje og tørre å ta ansvar i eigen klubb. 

Merk: 

  • Dette er ikkje eit trenar- eller dommarkurs, og det er ikkje lagt opp til organisert trening i løpet av kurshelga. Kurset krev mykje aktiv deltaking gjennom diskusjonar og gruppearbeid. 
  • Du kan også delta om du er engasjert i idrettsrådet eller særkretsen/regionen. 

Kort om kurset:

  • Del 1 Leiarkurs for ungdom blir gjennomført i løpet av ei helg (fredag kveld til søndag ettermiddag)
  • Del 2 er ei oppfølgingssamling på 3-4 timar som gjennomførast digitalt 3 - 6 månadar etter del 1 (kveld eller helg) 
  • Alle deltakarar skal ha ein kontaktperson frå idrettslaget (ev. andre org.ledd)

I løpet av kurset vil deltakarane lære mykje om seg sjølv, korleis idretten er organisert og korleis dei kan påverke sin idrettskvardag. Deltakarane aukar òg eige nettverk i idretten. I løpet av del 1 skal deltakaren utarbeide smarte mål og ein handlingsplan med tiltak som dei skal gjennomføre når dei kjem tilbake til idrettslaget etter første kurshelg/del 1. 

Innhald del 1 (kurshelg fredag til søndag)

  • Modul 1: Bli kjent
  • Modul 2: Rollemodell  
  • Modul 3: Sjølvtillit, sjølvbilete og sjølvkjensle
  • Modul 4: Medlemmet i sentrum
  • Modul 5: Du som ressurs
  • Modul 6: Frå mål til handling (lage handlingsplan)
  • Modul 7: Kommunikasjon
  • Modul 8: Presentasjonsteknikk

Gjennomføre handlingsplan
Alle deltakarane lagar ein handlingsplan på første kurshelg, del 1. Planen skal gjennomførast før del 2, og bli presentert på del 2 (sjå innhald del 2). 

Her kan ein sjå rammeplanen for kursets del 1

Innhald del 2 (digital dagssamling, ca 4 timar, 3-6 mnd etter del 1)

  • Evaluering av handlingplan og gjennomført praksis
  • Erfaringsutveksling
  • Vidare engasjement og rolle i idrettslaget

Viktig informasjon
Idrettslaget skal ha ein person som fungerer som kontaktperson for deltakaren. Dette er spesielt viktig med tanke på gjennomføring av handlingsplanen og oppfølging og støtte undervegs. 

Kostnad
Kursavgifta er kr. 1500,- per deltakar som inkluderer overnatting 2 netter i dobbelt- eller trippelrom, middag fredag, alle måltid laurdag, samt frukost og lunsj søndag. 

Idrettskretsen fakturerer deltakaren sitt idrettslag/organisasjonsledd for kursavgifta. Dersom deltakar ikkje møter på kurset og ikkje har gitt beskjed til arrangøren om dette før kursstart vert heile kursavgifta fakturert. 

 

  • Det krevjast 100 % oppmøte for å få kurset godkjent 
  • Det er nulltoleranse for rusmidlar under kurset
  • Dersom deltakaren er under 18 år må foresatt(e) fylle ut og signere eit samtykkeskjema før deltakinga (blir tilsendt frå idrettskretsen etter påmelding)
  • Påmelding skjer via eige påmeldingsskjema som du finn på denne nettsida når det er sett ein kursdato for neste gjennomføring. Merk at fristen som regel er 1 månad før kursgjennomføring. 
  • Deltakar får tilsendt pakkeliste, detaljert program og anna relevant informasjon i god tid før kursstart del 1. Her er døme på informasjon frå 2023
  • Alle deltakarar skal ha ein kontaktperson i idrettslaget (eller det aktuelle org.leddet). Kontaktpersonen har eit ekstra ansvar for å følge opp deltakaren, særskilt med tanke på gjennomføring av handlingsplanen mellom del 1 og del 2. 

 

Dokument som blir sendt ut til deltakar blir også lagt her. Dette er døme frå 2023: 

 

 

 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag