KlubbAdmin

Kurset gjer deltakarane kjennskap til medlemssystemet og faktureringsmoglegheitene KlubbAdmin byr på.

klubbadmin.png

Vestland idrettskrets arrangerer kurs i KlubbAdmin som tek for seg organisasjonsdelen, medlemsregistrering og fakturering.

Målgruppe: Medlemsansvarleg

Innhald:

Organisasjon: Korleis oppdatere kontakt og detaljar, oppdatere styre og verv og gje tilgangar, dokumentarkiv, Brønnøysundregistra og personvern.

Medlem: Innstillingar, varsel, grupper og grein, ulike filter og søk, inn- og utmelding.

Fakturering: Innstillingar med tekst på faktura, avgifter, brukarstadsavtale, korleis fakturere utval, unntak og med prismatrise, fakturasøk og oppfølging.

Organisering:

Om lag 3 timar. Digitalt, i idrettskrinsen sine lokale i Førde eller Bergen eller ute hos idrettslag eller idrettsråd.

 

Sjå kurskalender for planlagde kurs.

 

Brukarrettleiingar

NIF har ei rekkje brukarrettleiingar til KlubbAdmin med tekst og video. Sjå nærare her.

For å fakturere må ein ha avtale med Buypass. Sjå nærare informasjon her.

Alle idrettslag må rapportere inn kva medlemssystem dei brukar. Sjå rettleiing her.

Det er krav om fakturering i eit elektronisk medlemssystem med godkjend integrasjon med NIF. Brukar de KlubbAdmin og har rapportert inn det i førre punkt, så treng de berre fakturere i det medlemssystemet. Det er då viktig at de fakturerer medlemskontingent som nettopp det, og ikkje som andre avgifter.

Webinar
Det finst rettleiingsvideosnuttar frå tidlegare webinar på NIF support sin YouTube-kanal.

Støtte
Har du spørsmål til funksjonar i systemet ta kontakt med:

Erling Benjaminsen - tlf. 419 26 533 - e-post
Heidi Hatlen - tlf. 480 21 398 - e-post

Er det av teknisk art ta kontakt med NIF Digital support.

Ønskjer du å tinge kurs til din klubb ta kontakt med Martin Uthaug - tlf 975 38 679 - e-post.

Under følgjer litt informasjon om KlubbAdmin:

Alle idrettslag må bruke eit godkjent elektronisk medlemssystem. Brukar de ikkje Idrettens medlemssystem i dag, men ønskjer å ta det i bruk? Les meir her for å kome i gang.

KlubbAdmin er tett integrert med idrettens andre system (Min idrett, SportsAdmin, Idrettens betalingsløysing) og den nasjonale idrettsdatabasen.

KlubbAdmin gjer det enklare for idrettslaget å handtere medlemmar med moglegheiter for å sortere desse etter idrettsgrein, på lagsnivå, mellom kjønn, aldersnivå osv. – varierte moglegheiter for å definere eigne utval og medlemsdetaljar. Dette gir idrettslaget full oversikt og kontroll.

Enkel kommunikasjon med medlemsmassen via e-post eller SMS.

KlubbAdmin skal nyttast for innkreving av medlemskontingent med tovegs elektronisk dokumentasjon. Dette gir god oversikt og tilfredsstiller krav frå KUD og tilpassar seg gjeldande lovverk. Kan òg brukast til innkreving av treningsavgifter, stevneavgifter og liknande.

Fleire betalingsalternativ der medlemmane kan betale med Vipps, eFaktura, faktura (KID/konto i nettbank), Visa og Mastercard.

Medlemsansvarleg kan fakturere via prismatrise, unntak eller utval. Det er mogleg å fakturere alle medlemmar på ein gong.

Samlefaktura: Send medlemskontingent, treningsavgift og eventuelt andre krav i same faktura.

KlubbAdmin har ingen lisenskostnad, men det er transaksjonskostnader for betalingar via Idrettens betalingsløysing.

Medlemmet kan bruke MinIdrett/Medlemskap for å melde seg inn/ut av idrettslaget, på/av aktivitet m.m., samt betale sine forpliktingar via Idrettens betalingsløysing.