Målgruppe: Styret i klubben og gruppestyra i fleiridrettslag. Dagleg leiar og tilsette dersom klubben har ein administrasjon.
Læringsmål:
- forståing for mål og føremål med årsmøtet
- innsikt i kva oppgåver og førebuingar som styret må gjere i forkant av årsmøtet
- innsikt i korleis årsmøtet vert gjennomført i samsvar med idrettens lovar
- innsikt i kva oppgåver som styret må følgje opp i etterkant av årsmøtet
- idear og moglegheiter for å gjere årsmøtet til ein interessant arena for medlemsmassen i organisasjonsleddet
Organisering:
Varigheit 2 timer. Kurset blir sett opp som ope kurs (følg med i kalender). Kurset er gratis.
Idrettslag må halde årsmøte innan utgangen av mars.
Les meir om årsmøte i idrettslag på nettsidene til idrettsforbundet.
Idrettsforbundet har òg fleire malar for innkalling, sakliste, protokoll og meir på sida for årsmøte i klubbguiden.
Idrettskretsen vil setje opp kurs i korleis ein kan gjennomføre årsmøtet på ein god og lovleg måte. Her får du ei oversikt over korleis årsmøtet kan gjennomførast, og kva ein må tenkje på før, under og etter årsmøtet.
Sjå kurskalenderen for planlagde kurs, eller ta kontakt for å få kurset til di klubb.