19
mar
2025

Styrekurs for idrettslag

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Idrettens hus, Bergen
Start: 19.03.2025 19:00
Slutt: 19.03.2025 21:00
Påmeldingsfrist: 19.03.2025 12:00    Meld deg på

Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil sei å vere tillitsvalt i eit idrettslag.

Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, du får tips om gode verkty for drift av idrettslaget og eit overordna blikk på økonomi. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.

Målgruppe: Styret i klubben og gruppestyra i fleiridrettslag.
Dagleg leia og tilsette dersom klubben har ein administrasjon. Andre tillitsvalte som styret har delegert fullmakter og myndigheit til.

Tentativ tidsbruk:
1900-2000 - Lover og reglar
2000-2030 - Økonomi
2030-2100 - Drift
(t.d. fordele roller/oppgåver, gjennomføring av styremøte, tilgjengelege verktøy)

Kurset vil foregå med fysisk oppmøte i Fjøsangerveien 68, 5068 Bergen. 

Pris: Gratis

Martin Uthaug
Martin Uthaug
Rådgiver klubbutvikling