Alle idrettslag som organiserer barneidrett skal ha oppnemnt ein barneidrettsansvarleg.
Målgruppe:
Barneidrettsansvarlege i idrettslag. Relevant også for styreleiar/styret i idrettslaget.
Innhald:
- Barneidrettens verdigrunnlag (inkl. rettane og bestemmingane om barneidrett)
- Rolla og oppgåvene til den barneidrettsansvarlege
- Vi er også innom tema som Trenarattest og Foreldreguiden, og det blir sett av god tid til spørsmål
Innhaldet er først og fremst retta mot deg som er ny i rolla og vil vite meir om kva oppgåvene er, men har du erfaring eller berre har lyst til å vite meir om tema er du sjølvsagt velkommen til å delta.
Temakvelden vert leia av Eivind Holskar Hansen og Helene Fraas, Vestland idrettskrets.
Alle påmeldte vil få tilsendt møtelenke innan kl 12 dagen kurset vert gjennomført. Temakvelden må ha minst 5 påmeldte for å bli gjennomført.