27
jan
2024

Leiarkurs for ungdom, del 2

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Digitalt
Start: 27.01.2024 11:00
Slutt: 27.01.2024 14:00

Dette er del 2 av Leiarkurs for ungdom. Alle som deltok på første samling, 10-12 november i Bergen, er automatisk påmeld til denne oppfølgingssamlinga. 

Digital samling:

Alle har fått tilsendt møtelenke til Teams på epost, men den ligg også her (trykk på lenka).  Dersom utfordringar med å koble opp til det digitale møtet på laurdag, ta kontakt med kurshaldar Kristiane Utheim Brown, tlf. 901 68 269. 

Innhald og førebuing til del 2: 

Alle deltakarane utarbeidde ein handlingsplan på kursets del 1 i november 2023. På del 2 skal alle ha ein gjennomgang av prosjekt som dei har jobba med mellom del 1 og del 2. Deltakarane førebur ein kort presentasjon av korleis prosjektet har gått (munnleg eller powerpoint/bilete/video).

Tips:

Ta med litt om planlegging og gjennomføring av prosjektet. Kva syntes de gjekk bra, kva kunne de eventuelt ha gjort annleis eller betre? Kva vil de ta med dykk av erfaring til ein annan gong? Hugs også at det er mykje læring i om prosjektet ikkje blei gjennomført som tenkt. 

Merk:

Dersom du ikkje kan delta melder du deg av denne samlinga og gir beskjed til bodil.ryste@idrettsforbundet.no eller på tlf. 975 18 349. 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag