10
nov
2023

Fullteikna - Leiarkurs for ungdom 15 - 19 år

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Bergen (Quality Hotel Grieg)
Start: 10.11.2023 17:30
Slutt: 12.11.2023 15:00
Påmeldingsfrist: 05.10.2023 23:59    Meld deg på

Er du mellom 15 - 19 år og har lyst å engasjere deg meir i idretten? Har du lyst å lære om korleis du kan bli ein betre leiar? Då må du lese meir om dette kurset.

Påmelding til dette kurset gjeld: 

Del 1: 10. - 12. november, Bergen (Quality Hotel Grieg)
Del 2: 27. januar, digital oppfølgingssamling 

Meir informasjon om modulane:
Leiarkurs for ungdom er eit kurs i to delar. Del 1 går frå fredag til søndag og inneheld følgande modular: 

  • Bli kjent
  • Sjølvbilete, sjølvtillit og sjølvkjensle. 
  • Deg som rollemodell
  • Medlemmet i sentrum
  • Deg som ressurs
  • Frå mål til handling
  • Kommunikasjon
  • Presentasjonsteknikk

På den første samlinga lagar du også ein handlingsplan for ein aktivitet/tiltak/prosjekt som du skal utføre i eige idrettslag/org.ledd. Det er viktig at du har ein god kontaktperson/mentor i idrettslaget eller det organisasjonsleddet du representerer. 

Del 2 av kurset er ei digital oppfølgingssamling på 4 timar, der du i hovudsak presenterer det tiltaket/prosjektet du har jobba med i mellomtida. 

Kurset har 20 påmeldte og er fullteikna. Ynskjer du å vere med kan du sende epost til bodil.ryste@idrettsforbundet.no og setje deg på venteliste. 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag