Målgruppe: Trenarar og aktivitetsleiarar for barn i alderen 5 - 12 år.
Her lærer du om korleis du organiserer og legg til rette for leikbaserte aktivitetar på tvers av idrettsgreiner. Kurset tek opp betydninga av trygge rammer, relasjon og meistring. Du vil også lære om tilpassing til ulike nivå, aldrar og ferdigheiter. Ikkje minst får du praktisk øving i å planlegge og gjennomføre ei økt i barneidretten.
Tidsramme:
- Laurdag 10. februar kl. 10-17
- Søndag 11. februar kl. 10-17
Merk:
- For å få godkjent kurset må alle gjennomføre e-læringane Trenarattest Barn og Barneidrettens verdigrunnlag
- Vi tilrår å gjere e-læringane på førehand, men det er ikkje eit absolutt krav
Pris:
- Kurset har ein kostnad på kr. 600,- per deltakar. Dette blir fakturert i etterkant til den faktura-adressa som blir oppgitt.
Kurshaldar:
- Trenerutvikler Vestland idrettskrets, Erik Rustad. Tlf. 953 68 962
Kontaktperson Gulen idrettsråd:
- Monica Rongved, tlf. 992 31 514