Frå Treningssamling for ungdom på Idrettens Møteplass på Sandane i 2019.
Frå Treningssamling for ungdom på Idrettens Møteplass på Sandane i 2019.

Treningssamling for ungdom

Har du lyst til å delta på ein inspirerande og lærerik dag saman med aktive utøvarar frå andre idrettar? Då må du bli med på treningssamling på Idrettens Møteplass!

Treningssamlinga blir arrangert i samband med Idrettens Møteplass. 

Målgruppe:
Ungdom 13 - 16 år (f. 2011 - 2008) år som er med i ein eller fleire idrettar, som har lyst til å delta på ein dag med trening av til dømes koordinasjon, styrke, spenst og uthald. Målet er at ein møter og blir kjent med andre ungdommar som driv med andre idrettar, å prøve ut og lære trening/øvingar som er nyttige uansett kva idrett du driv med og kva nivå du er på, og ikkje minst at du får ein kjekk, sosial og inspirerande idrettsdag. 

Det er sjølvsagt høve til å ha med føresette, eller om det er trenarar som ønsker å observere øktene. 

Gruppeinndeling etter alder. 

Programmet blir oppdatert i august 2024, men vil følge desse rammene: 

  • 2 treningsøkter (ei før lunsj og ei etter lunsj)
  • Felles lunsj
  • Foredrag (ca 30 minutt)

Praktiske opplysningar (blir oppdatert august 2024)

  • Det er to lengre økter med ein pause mellom, så ta med skiftekle/tørre kle etter behov. Det er høve til å bruke dusj og garderober i idrettshallen. 
  • Alle får gratis varm lunsj, samt frukt/smoothie på slutten av dagen. Ta evt med ekstra matpakke og drikke etter behov. Du opplyser i påmeldingsskjemaet om du har allergiar som vi må ta omsyn til. 
  • Det vert ikkje opna for at yngre utøvarar kan delta