Straumsmarte idrettsanlegg

Vestland idrettskrets er tildelt 5 millionar kroner av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til prosjektet "Straumsmarte idrettsanlegg". Målet med prosjektet er å redusere straumforbruket og driftskostnadane på idrettslagseigde idrettsanlegg innanfor stiftinga sitt dekningsområde.

Faktaboks Straumsmarte idrettsanlegg.png

Sparebankstiftinga er ein viktig bidragsytar for at idretten kan ta del i det grøne skiftet og redusere energibruken på idrettslagseigde idrettsanlegg. Dette vil vere eit viktig bidrag for at idrettslaga kan nå måla i FN sine berekraftsmål for idretten i Vestland fylke.

Målet med prosjektet er å redusere energibruken og driftskostnadane på idrettslagseigde idrettsanlegg. Det er ein føresetnad for å motta støtte frå ordninga at det også vert søkt  spelemidlar til skifte av lysanlegg.

Det vert gjeve spelemidlar frå Kulturdepartementet til skifte av lysanlegg som er eldre enn 10 år.  Spelemiddelsøknad går via kommunen og det er viktig at ein har god kontakt med idrettsråd og kommune i prosessen. Kommunane har eigne fristar på spelemiddelsøknadar, som regel tidleg i oktober.

Eventuell støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" kjem i tillegg til spelemidlane og kan vere ein del av finansieringa knytt til spelemiddelsøknad og finansieringsplan.

For tildelingar i 2024 er søknadsfristen 15. september. Det er forventa at tildeling vil bli klar ca ein månad etter utgått søknadsfrist. 

Det blir arbeid med å få etablert ei ordning som dekkjer heile Vestland fylke.

Alle idrettslag som er medlemmer i Norges idrettsforbund som eig anlegg med eksisterande spelemiddelfinasiert lysanlegg der ein kan søkje spelemidlar til rehabilitering, kan søkje støtte. 

Det er ein føresetnad for å få støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" at anlegget er kvalifisert for og søkjer spelemidlar innanfor dei kategoriane som gjeld for utandørs og innandørs lysanlegg i spelemiddelordninga, fastsett av kulturdepartementet.

For å kunne søkje spelemidlar til må lysanlegget vere eldre enn 10 år og det må utarbeidast tilstandsraport for det gamle anlegget iht. krava som gjeld i spelemiddelordninga.

Ordninga er open for idrettslag i Sogn og Fjordane, men det vert arbeidd med mål om å få etablert ei ordning for heile Vestland.



 

"Straumsmarte idrettsanlegg" gjev støtte til å skifte ut halogenlysarmatur eller andre eldre lysarmaturtypar til nytt ledlysarmatur med styringar på idrettslagseigde anlegg som søkjer spelemidlar til skifte av lysanlegg.

I kostnadsoverslaget som er grunnlag for søknaden kan ein ta med nødvendig innkjøp av armatur og styringar samt kostnaden med sjølve installasjonen.

Nye anlegg eller anlegg som alt har skifta til ledlys kan ikkje søkje støtte frå ordninga. Det vert ikkje gjeve støtte til installasjon av brukt utstyr.

Lager, klubbhus og garderobar er ikkje omfatta av støtteordninga.

Har du spørsmål om ordninga er det berre å ta kontakt med Vestland idrettskrets.

Det er ein føresetnad for å motta støtte at det er utarbeidd ein spelemiddelsøknad eller at ein er i prosess med spelemiddelsøknad for skifte av lysanlegg. 

For å kunne søkje støtte må det beskrivast i søknaden kva ein har av årleg energiforbruk i kilowattimar før og etter ombygginga av lysanlegget.

Maksimal støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" er avgrensa til inntil 25 % av godkjendt kostnad i spelemiddelsøknad. Maksimal støtte frå ordninga er avgrensa til kr 500 000 pr. tiltak.

Dersom søknadssummen i ordninga totalt er høgare enn den økonomiske ramma ein har, vil ein kunne få ein lågare prosentvis tildelingssats for det enkelte tiltaket. 

Når Vestland idrettskrets har vedteke tildeling vil søkjar få eit tildelingsbrev som kan nyttast som vedlegg i finansieringsplan i spelemiddelsøknaden.  

Ved å laste ned exelfil under kan du berekne maksimal støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" samt andel spelemidlar forutsett godkjendt spelemiddelsøknad. 

Dersom søknadsmassen er større enn dei økonomiske rammene ein disponerer vil ein kunne få ein lågare støttesats enn det som kjem fram i kalkulatoren.

Støttekalkulator inkludert visning av støtte frå gjeldande spelemiddelsatsar i exel kan du laste ned her

Søknadsfrist for tildeling i 2024 er 15. september . Når søknaden er behandla vil søkjar få informasjon om eventuell tildeling omlag ein månad etter søknadsfristen.

Dersom det er behov for dokumentasjon på tildeling av midlar i samband med finansieringsplan i spelemiddelsøknad vil søkjar kunne be om å få eit eige  tildelingsbrev som ein kan nytte som vedlegg i slik søknad. 

 

 

Når ein har fått tildelt støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" og arbeid med skifte av lys er i gang, kan ein etter utbetalingsanmodning få inntil 80 % av tildelt beløp som forskotsutbetaling ved oppstart av utskiftinga av armatur.

Resterande beløp vert utbetalt når sluttrekneskap for spelemiddelsøknaden for prosjektet er godkjendt av fylkeskommunen. Godkjendt kostnad i sluttgodkjenninga på spelemidlar vert grunnlag for siste del av utbetaling av støtte frå ordninga. Det er ikkje eit krav at spelemidlane må vere utbetalte for å få ut restbeløpet på 20% av søknadssum.

Før sluttutbetaling frå "Straumsmarte idrettsanlegg" må søkjar sende inn sluttrekneskap for spelemidlar samt utbetalingsanmodning. Tiltaket treng ikkje å ha fått utbetalt spelemidlane før utbetaling, men prosjektet må vere fullført og prosjektrekneskapet godkjendt for spelemiddelutbetaling.

Ein må pårekne normal saksbehandlingstid før utbetaling etter innsendt dokumentasjon. 

Bidragsytar

logo-sparebankstiftinga-liggande-2.png

Narve Heggheim
Narve Heggheim
Rådgjevar anlegg