Møre og Romsdal idrettskrets ønsker nomniasjonar til sin idrettspris. Fristen for nominering er 15.09.19.
Prisen har følgjande retningslinjer/statuttar:
- Namnet på prisen er Møre og Romsdal idrettskrets sin idrettspris.
- Formålet med prisen er å fremje den frivillige innsatsen i idretten i fylket og inspirere til slikt arbeid.
- Prisen kan gå til ein trenar, tillitsvald eller organisasjon knytt opp mot idretten som har gjort særskild frivillig innsats for idretten i fylket, enten på lokal- og/eller fylkesplan. Den som får tildelt prisen skal vere eit godt forbilde for andre frivillige innan idretten.
- Møre og Romsdal idrettskrets gjer prisen kjent, set frist for innsending av kandidatar og vedtek om prisen skal delast ut. Prisen skal bli gjort kjent i alle organisasjonsledd i idretten i Møre og Romsdal, og gjennom media.
- Ein offentleggjer berre namnet på den som får tildelt prisen.
- Prisen vert delt ut saman med talentprisen til Møre og Romsdal fylkeskommune, arena for tildeling skal avklarast i samarbeid med fylkeskommunen.
Vinnaren av prisen får utdelt diplom og gåvesjekk på 5000 kr
Har du spørsmål? Ta kontakt med Siri Ask Fredriksen på telefon +47 419 00 996 eller e-post: Siri.Ask@idrettsforbundet.no.