Dei fleste av oss har vel minst éin gong i livet kjent på frustrasjon ved å ikkje høyre til. Å kjenne på utanforskap eller manglande integrering set merker som kan prege ein seinare i livet. Alle menneske har eit grunnleggande behov for å høyre til i eit fellesskap.
Norsk idrett sin visjon er «Idrettsglede for alle». Organisasjonen som i dag heiter Norges idrettsforbund og paraolympiske komité, vart starta i 1861. Vi har no 1.862.007 medlemskap fordelt på ca. 9045 idrettslag rundt om i Noreg. Idretten er ei sterk utviklingskraft i samfunnet!
Eit idrettsanlegg er ein stad å drive idrett og ein stad å høyre til. Idrettsanlegg er ikkje berre ei aktivitetsflate, men også eit samlingspunkt der barn, unge og vaksne dannar og ivaretek sosiale relasjonar livet ut. Mangel på anlegg er ei stor utfordring for samfunnet. 26 % av idrettsråda i Noreg svarte i 2022 at dei veit om idrettslag som har ventelister og må avvise barn og unge som ønsker vere med. Med dyrtida vi har erfart etter den tid, er det dessverre grunn til å tru at talet har auka. Anlegg er idretten sitt absolutt viktigaste rammevilkår. Norsk idrett ønsker at det offentlege bygg anlegg for å legge til rette for god folkehelse, så kan idretten fokusere på å rekruttere aktive inn i inkluderande miljø! Fleire kommunar ser verdien av dette og satsar aktivt på bygging av nye anlegg. Nokre få gode eksempel her er Ålesund kommune si hallsatsing, Atlanten i Kristiansund, Idrettsparken i Molde, Volda Campus, Storhallen i Ørsta.
I tillegg til mangel på anlegg, så veit vi frå før at det i hovudsak er tre forhold som bidreg til at det kan vere dyrt å vere med i idrett: medlemsskap og treningsavgift – idrettsutstyr – deltaking i turneringar. Halleige og bygging av idrettsanlegg bidreg til høgare deltakaravgifter.
Det offentlege og idretten har begge felles nytte av samarbeid. Mange kommunar har gratis halleige for idretten (og kulturlivet) der også private som eig eigne anlegg får tilskot. Nokre få gode eksempel på dette er kommunane Fjord, Giske, Hustadvika og Ålesund kommunar. Dette kan frigjere administrative ressursar som kan jobbe med andre og meir nyttige oppgåver enn å krevje inn midlar. Idretten har sjølv eit stort ansvar i å halde utgiftene nede på eigne tilbod, så dei utgiftene ein sparer kan gå til å utvide tilbodet til enda fleire. Ledig kapasitet på dagtid kan gå til turnusarbeidande, eldretrim osb.
Gjennom konstruktiv samarbeid vil det offentlege og idretten klare å redusere utanforskap samstundes som vi stimulerer til god folkehelse, integrering og mangfald.