Sjølvsagt er idretten med i fremste rekke når ein pandemi trugar. Ufatteleg mange har teke dei tunge jobbane med å gjere det beste utav situasjonen – kvar einaste dag. På vegner at idretten i Møre og Romsdal vil eg gjerne seie takk til dokker alle.
Takk for at dokker har sett dei som trengte eit oppmuntrande ord i dette vanskelege året, takk for kreativiteten som har gjort at vi trass alt har klart å ha eit idrettstilbod, takk for viljen til å stadig gjere nye endringar for endå ein gong å få det til å gå rundt. Det er dokker som er norsk idrett.
I haust var optimismen stor. I september feira vi at no var normalkvardagen snublande nær. Den var ikkje det... No går vi igjen inn i ei julehøgtid der idrettsaktivitetane er sett på vent, dei sosiale møtestadane er stengde og mismotet er farleg nær. Det er akkurat no alle våre born og ungdomar treng deg alle mest. Vi må skvise endå ein dråpe optimisme og pågangsmot ut.
Vi veit det kjem ein dag – etter jul, etter nyttår, etter …. Det kjem i alle fall ein dag då born og ungdom skal fylle idrettsanlegga med aktivitet. Og dei treng deg. Dei treng all den entusiasme og glød idrettsleiarane i Møre og Romsdal gjennom over 100 år har vist.
2022 er året då alt skal bli bra igjen. Det er berre denne kneika vi må over.
I haust utfordra vi alle idrettslag til å jobbe for å få medlemmane tilbake. Svært mange har gjort ein fabelaktig jobb. Medlemstala er veksande. No står årsmøtesesongen for tur. Vi veit at det rundt i klubbane er mange slitne tillitsvalde. Fleire år med pandemi har vore veldig arbeidskrevjande, det har skapt frustrasjon og irritasjon. Men det har knapt nokon gong vore viktigare å ha eit godt og velfungerande idrettslag enn no.
Idrettslaget er limet i lokalsamfunnet. Men skal dette fungere treng ein folk som vil ta på seg oppgåvene. Bruk jula til å framsnakke den gleda og opplevinga det er å vere aktiv tilretteleggjar for at born og ungdom skal få ein best mogleg oppvekst og at nettopp ditt lokalsamfunn skal bli best mogleg.
Vi i Møre og Romsdal Idrettskrets har siste året brukt mykje av vår kapasitet til å sørge for at idrettslaga skulle få ein best mogleg situasjon gjennom pandemien. Dei økonomiske kompensasjonsordningane har blitt mange, og gjennom aktivt arbeid med godt samarbeid mellom Regjering og idretten, også stadig meir treffsikre.
Vi vil takke for tilbakemeldingar og forslag frå klubbane, og takke våre myndigheiter for å ha vore lyttande.
Men den viktigaste jobben er det alle idrettslaga, trenarane og leiarane i grasrotidretten som har gjort. Dette er samfunnsbygging på ekte.
På vegner av Møre og Romsdal Idrettskrets og norsk idrett vil eg på denne måten takke alle for jobben og ønske alle ei god jul.
Vi klarer det siste kneika og – ikkje sant?
Kåre Sæter
Leiar
Møre og Romsdal Idrettskrets