Inkluderingsmidlar i idrettslaget kan gå til å dekke kostnadar som:
- Medlemskontingent (sjå spesifikk informasjon om medlemskontingent under)
- Treningsavgift
- Lisens
- Reise
- Ulike eigenandelar ved deltaking på konkurranse/arrangement (startkontingent, turneringsavgift og liknande)
- Nødvendig personleg utstyr
Lista er ikkje uttømmande.
Spesielt om medlemskontingent:
Dersom idrettslaget skal dekke medlemskontingenten til den einskilde, merk følgande:
- Det er eit krav frå Kulturdepartementet om personlege medlemsskap for alle medlemar i idrettslag i Norges idrettsforbund.
- Det betyr at idrettslaget skal registrere medlemane i eit godkjent medlemssystem og at kontingenten skal vere fakturert frå medlemssystemet
- Medlemskontingenten som vert fakturert må samsvare med det vedtaket årsmøtet i idrettslaget har gjort*
- Medlemskontingent og/eller treningsavgift kan fakturerast samla, men må i fakturaen kome fram som sjølvstendige krav
- Faktura på medlemskontingent kan ikkje krediterast, men det er mogleg at idrettslaget betalar fakturaen for medlemen eller at idrettslaget refunderer kostnaden til medlemen.
*Merk at minimumskravet for medlemskontingent er kr. 50,- per medlem (medlemskontingenten vert vedteken på idrettslaget sitt årsmøte).
Døme ved dekking av andre kostnader:
Treningsavgift:
- Utbetaling/refusjon frå idrettslaget til den enkelte
- Beløpet kan overførast internt frå inkluderingsmidlane til den aktuelle gruppa/idrettsgreina (som inntektsfører beløpet i den einskilde gruppa)
Treningsutstyr, døme på løysingar:
- Rekvisisjon til sportsbutikk på at personen kan få hente ut utstyr. Sportsbutikk sender faktura til klubben
- Betale ut summen det er søkt om til den enkelte, som i etterkant må levere dokumentasjon på kva pengane har gått til (t.d. kvittering)