Her finn du informasjon om ulike stønadsordningar for idrettslag. Nokre av ordningane er søknadsbasert.
Føremålet med ordninga er å kompensere dei meirkostnadar som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Samarbeid mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Vestland idrettskrets. Ordninga gjev støtte til å byte frå gamle energikrevjande lysarmatur til nye ledlysarmatur med tidsmessige styringar på utandørs og innandørs idrettsanlegg.
Søk om kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.
Utstyr som vert kjøpt i 2023 kan søkast om støtte til i 2024. Allidrett søker via idrettskrets, særidrett via særforbund. Gå til nettsida for å sjå kva utstyr som er godkjent.
Vil du sette i gang med miljøtiltak i ditt idrettslag? Miljøfondet for idretten deler ut midlar til prosjekt som er med på å fremje berekraftig idrett og redusere idretten si belastning på miljøet!
Alle idrettslag tilslutta NIF kan søke om oppstart- eller utviklingstøtte for å starte opp eller vidareutvikle Allidrett for barn (inkl. paraidrettsgrupper).
Alle idrettslag tilslutta NIF kan søke om oppstart- eller utviklingstøtte for å starte opp eller vidareutvikle Allidrett for ungdom (inkl. paraidrettsgrupper).
SUPERsatsingprosjektet skal gi økonomisk støtte til idrettslag som vil etablere nye eller styrke eksisterande idrettstilbod til menneske med utviklingshemming – med mål om auka rekruttering.
Lokale aktivitetsmidlar (LAM) er ei tilskotsordning fra Kulturdepartementet (KUD) spesifikt retta mot lokale lag og foreiningar som driver idrett og fysisk aktivitet for barn og ungdom.
Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi 7 prosent av spelinnsatsen direkte til eit idrettslag eller ei foreining.
Her finn du informasjon om store, nasjonale støtteordningar innan inkludering.
Offentlege instansar, kommunar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om ulike tilskot hos Bufdir. Sjå korleis søke, rapportere og kven som har fått tilskot.