Energisenteret for barn og unge, lokalisert i det nye barne- og ungdomssjukehuset ved Haukeland Universitetssjukehus, er eit banebrytande prosjekt finansiert av blant anna Trond Mohn og Hjertefondet. Allereie ved inngangen møtast ein av tilrettelagde område for idrett og fysisk aktivitet, inkludert gymsal, klatrevegg, symjebasseng, ganglab og VR-rom. Senteret har fokus på meistring og det friske i mennesket, der spesialisthelsetenesta brukar idrett og fysisk aktivitet som ein del av behandlinga.
På kveldstid overtar idretten og interesseorganisasjonar lokala for å tilby aktivitetar til sårbare målgrupper. Styreleiar Nils R. Sandal i Vestland idrettskrets understreka det sterke samarbeidet vi har fått til mellom idrett og helse gjennom Idrettsklynge Vest. Eit levande døme på dette er paralympisk gullmedaljevinnar Tommy Urhaug, som har ei deltidsstilling ved Energisenteret. Tommy kunne fortelje at han kvar veke har treningsøkter med barn og unge tilknytta spesialisthelsetenesta. Han jobbar også ut mot idretten og tryggar barn og unge i den vanskelege overgangen frå behandling tilbake til sitt nærmiljø der idretten skal fortsette å vere ein meistringsarena. Energisenteret er kjent for å tenkje utover eige bygg og eigen aktivitet. Dei var difor ein sjølvskriven deltakar i eit fellesprosjekt på tvers av sjukehuset, Bergen kommune og Vestland idrettskrets der ein utforska samarbeid kring Aktivitetsguidar.
«Jeg er imponert over idretten i Vestland, og hvordan en tenker utvikling gjennom Idrettsklynge Vest og et tett samarbeid mellom idrett og helse til det beste for barn og unge» sa ein engasjert Idrettspresident.
Randi-Luise Møgster, direktør for Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland Universitetssjukehus, presenterte saman med sitt fagteam fleire av Energisenteret sine mange tilbod. Blant anna fekk idrettspresidenten høyre om ein app under utvikling, som hjelper barn med å finne idrettar tilpassa deira interesser og forutsetningar.
«Dette er noe vi er veldig interessert i å lære mer om i idretten» sa Al-Samarai.
Og kva blei idrettspresidenten sin idrettsmatch? Det får vi kanskje svar på ved neste besøk!
f.v. Organisasjonssjef i Vestland idrettskrets Randi Marie B. Farnes, Idrettspresident Zaineb Al-Zamarai, styreleiar i Vestland idrettskrets Nils R. Sandal og dagleg leiar i Idrettsklynge Vest Malene Joensen