Vestland idrettskrets er paraplyorganisasjon for i overkant av 900 idrettslag fordelt på 43 idrettsråd. Idrettskretsen består av alle idrettslag, idrettsråd og særkretsar tilslutta Norges idrettsforbund i Vestland. Idrettskretsen jobbar politisk, med forvaltning, lovpålagte oppgåver, utdanning, rådgjeving og organisasjonsutvikling.
Bakgrunn
Vår visjon er “Idrettsglede for alle” og i vår langtidsplan for perioden 2024-2028 har vi blant anna vedtatt innsatsområdet "Gode og veldrivne idrettslag". Eitt av dei vedtekne tiltaka under innsatsområdet er å utvikle idrettslaga og idrettsråda gjennom kurs- og kompetansetilbod.
I samband med dette er vi no på jakt etter fleire engasjerte og idrettsinteresserte personar som kan ta oppdrag som kurshaldarar eller klubbrettleiarar. Vi søkjer deg som kan tenke deg å halde kurs i til dømes styrearbeid for idrettslag, samt reise på klubbesøk og leie ulike møte og prosessar som utviklar idrettslaga. Oppdraga er vanlegvis på 1-4 timar, og det kan vere både digital og fysisk gjennomføring.
Kva tilbyr vi?
- Oppdragsavtale eller avtale for sjølvstendig næringsdrivande med faste timesatsar for honorar, samt køyregodtgjersle/reiseutgifter
- Opplæring i gjennomføring av kurs og idrettens lover, reglar og organisering
- Moglegheit for veilederutdanning i regi av Norges idrettsforbund
- Oppdragsmengda vil variere, men det kan vere 1-2 oppdrag per månad
- Vi dekkjer heile fylket, men vi forventar ikkje at ein person skal reise i heile fylket.
Kva vi ynskjer frå deg:
- Du må vere komfortabel med å snakke framfor grupper, halde presentasjonar og leie ulike møte
- Du må ha høve til å ta oppdrag ettermiddagar og kveldstid der det er varierande grad av reisetid. Det vil derfor vere nyttig om du disponerer eigen bil
- Det er ein fordel om du har idrettsfagleg bakgrunn og/eller at du har erfaring frå styrearbeid i idrettslag.
Dersom du finn dette interessant, ber vi om at du sender inn din søknad på følgande søknadsskjema.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål!