Vil du lære meir om korleis du kan legge til rette for trivsel og trygge rammer i barneidretten? Foto: Erik Ruud, Norges idrettsforbund.
Vil du lære meir om korleis du kan legge til rette for trivsel og trygge rammer i barneidretten? Foto: Erik Ruud, Norges idrettsforbund.

Sesong for Barneidrettstrenarkurset

Vi merkar godt at mange set i gang med aktivitet etter sommarferien, og at det er stor interesse for Barneidrettstrenarkurset. No er det sett opp to gjennomføringar i Bergen, og vi følger etter kvart på med fleire andre stadar i fylket.

12. - 15. september: Kurs i samarbeid med Bønes IL (ope for alle)

18. - 22. september: Kurs i samarbeid med Sædalen IL (ope for alle)

Kva kan ein lære? 

Barneidrettstrenaren er eit grunnleggande kurs for dei som er eller vil bli trenarar i barneidretten (til og med 12 år). Kurset er "fellesidrettsleg", det vil seie at innhaldet er relevant for alle idrettar. Modular som "Trygge rammer", "Relasjon" og "Meistringsmiljø" er like aktuelt om det er ski, handball eller friidrett ein driv med. Ikkje minst har kurset også praktisk øving i å planlegge og gjennomføre aktivitet. Målet er å gjere både nye og meir erfarne trenarar trygge i rolla si, og gi nokon verktøy til korleis ein kan legge til rette for gøye og leikbaserte aktivitetar i barneidretten. For fleire idrettar er dette kurset dei første modulane på veg til ein Trenar 1, slik at ein kan bygge vidare i trenarutdanninga si seinare. 

Ta kontakt om ditt idrettslag er interessert i kurs!