Signeringa 28. september. Frå Vestland idrettskrets signerte styreleiar Nils R. Sandal
Signeringa 28. september. Frå Vestland idrettskrets signerte styreleiar Nils R. Sandal

Alle unge må få delta i fritidsaktivitetar

Vi vil jobbe i lag for at alle barn og unge skal få delta i fritidsaktivitetar i lag med andre. Den 28. september signerte vi Fritidserklæringa Vestland og vart det første fylket med ei regional fritidserklæring. Slik forpliktar vi oss til å jobbe for ei inkluderande fritid for alle barn og unge.

Ifølgje Frivillighet Norge er det seks barrierar som gjer at ikkje alle barn og unge deltek i fritidsaktivitetar: Økonomi, kultur, tilgjengelegheit, tid, oppfølging og kjennskap. Vi i offentleg sektor og frivilligheita i Vestland jobbar vi for å senke desse barrierane  saman. Fritidserklæringa Vestland slår fast at vi i større grad må samarbeide for å løyse desse utfordringane, slik at fleire barn og unge får medverke og ta del i fritidsaktivitetar.

Gjennom Fritidserklæringa Vestland forpliktar vi oss til å jobbe for

  • at fritidsaktivitetane skal vere opne, trygge og inkluderande
  • å redusere barrierar for deltaking
  • å legge til rette for at fleire arenaer blir universelt utforma
  • å sørge for låge kostnader for å delta
  • å sikre at barn og unge får medverke i utviklinga av fritidsfeltet
  • å jobbe for at barn unge finn ein aktivitet dei trivst med og opplever meistring gjennom fritidsaktivitetar

Den nasjonale fritidserklæringa vart først vedtatt i 2016 og på ny i 2022. Ho er signert av regjeringa og mange aktørar frå offentleg og frivillig sektor. Fritidserklæringa byggjer på barnekonvensjonen til FN, artikkel 31, som seier at barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.

Fritidserklæringa Vestland forpliktar oss til saman å finne betre løysingar slik at alle barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar i lag med andre. 

Disse signerte Fritidserklæringa 28. september:

  • Vestland fylkeskommune: Stian Davies
  • Vestland idrettskrets: Nils R. Sandal
  • KS Vestland: Petter Sortland
  • Statsforvaltaren i Vestland: Liv Signe Navarsete
  • Vestland ungdomsutval: Ådne H. Wilberg
  • Vestland Musikkråd: Åsmund Aasebø
  • Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland: Gunvar Mikkelsen
  • Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane: Åsmund Nordgulen
  • Vestland Innvandrerråd: Nooshin Zaery Loolani
  • Vaksenopplæringsforbundet Vestland: Torgeir Toppe
  • Vestland Frivilligsentralar: Margrethe Utkilen
  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland: Michael Sønnesyn
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest og Nordvest: Sylvi Leirvaag

Fritidserklæringen 2024_Stian, Lubna og Magnus.jpg

F.v. Stian Davies, fylkesvaraordfører, Lubna Jaffery, kulturminister og Magnus Hesjedal Hartwig, leiar i Vestland idrettskrets sitt ungdomsutval som har vore med å utarbeide Fritidserklæringa.

Du kan lese meir om erklæringa på www.vlfk.no/fritidserklaring