Illustrasjon
Foto: Janne Landås

Søk momskompensasjon til idrettsanlegg

Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnadar. Søknadsfristen er 2. desember 2024.

Vilkår for å søke:

  • Anlegget må vere ferdig, og anleggsrekneskapen må vere kontrollert og attestert av revisor.
  • Ordninga gjeld idrettsanlegg der bygginga er sett i gang etter 1. januar 2010. Dersom utbygginga skal skje gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden om kompensasjon.
  • For å kunne søke må det vere minst 15 000 kroner i søknadsberettiga meirverdiavgiftskostnadar.

Her kan du lese meir og søke momskompensasjon til idrettsanlegg