Illustrasjon

Balansekonferansen 2024-2025: Junior

Nettverket Balanse inviterer deg som er trenar, leiar eller som berre er veldig interessert i idrett til ein kveld med fokus på den kvinnelege junior-utøvaren. Dato 14. november kl. 17.00 på Litteraturhuset i Bergen.

Det er kjent at fråfallet frå den organiserte idretten er stort blant ungdommar, men visste du at det er fleire jenter enn gutar som sluttar med idrett i ungdomstida?

Og det er kanskje ikkje så rart - gjennom puberteten endrar jentekroppen seg mykje, skadehyppigheita er høg, og kanskje står ikkje idrettstilbodet og forventningar til jenter heilt i stil med dei ambisjonane som mange jenter har.

PROGRAM og PÅMELDING 

 

Arrangør: 

Balansekonferansen arrangerast av Balanse - eit nettverk som arbeider for å få fleire kvinner inn i idretten. Balanse består av Vestland IdrettskretsNFF HordalandNorges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest. Sidan starten i 2018 har nettverket årleg arrangert konferansar om inkludering i idretten.

‍Vinteren 2024-2025 arrangerer Balanse heile tre konferansar, som kvar tek for seg ein epoke i kvinner sitt idrettsliv: 

  • 14.november: Junior
  • 30.januar: Senior
  • 6.mars: Masters