Deltakarar på oppfølgingsmøte gir konkrete innspel til kva laget skal jobbe med i tida framover. Foto: Magne Knudsen
Deltakarar på oppfølgingsmøte gir konkrete innspel til kva laget skal jobbe med i tida framover. Foto: Magne Knudsen

Årdalstangen IL har struktur på klubbutviklinga

Årdalstangen IL (ÅTIL) er opptatt av at medlemmane skal få høve til å meine noko om kva idrettslaget skal prioritere, og har dei siste åra gjennomført både kurs, start- og oppfølgingsmøte med god deltaking.

ÅTIL er eit fleiridrettslag med kring 800 medlemmar, og er lokalisert i Årdal kommune i Sogn. Leiar i idrettslaget, Magne Knudsen, inviterte idrettskretsen til å halde kurs for styret og gruppestyra hausten 2021. Idrettslaget har seinare jobba strukturert med å utvikle seg, og har blant anna gjennomført både start- og oppfølgingsmøte i samarbeid med idrettskretsen. 

-2876416006964687508.jpg20241001_200354.jpg

Leiar Magne Knudsen i framkant. Glimt frå oppfølgingsmøtet denne veka. 

Start- og oppfølgingsmøte

På eit startmøte jobbar deltakarane med å finne ein no-status og identifisere utviklingsbehov. Avslutningsvis prioriterer ein kva område som er viktigast for idrettslaget å jobbe vidare med, og å utarbeide konkrete framdriftsplanar. 

På planane vart det blant anna nedfelt at dei skulle utarbeide ei klubbhandbok, jobbe med å få til eit klubbrom og å kartlegge kva ungdom i bygda ynskjer å drive med av aktivitet. Det var svært gledeleg å kome tilbake på oppfølgingsmøte denne veka og sjå at dei kunne krysse av for mange gjennomførte tiltak. 

Det var også gledeleg å registrere at deltakarane skåra idrettslaget høgare på punkt som var "midt på treet" i 2022, til dømes organisasjon og leiing. På oppfølgingsmøtet jobba deltakarane denne veka med ein status på tiltaka som vart identifisert i 2022, drøfte nye tiltak og utarbeide konkrete planar for tida framover. 

Kartlegging blant ungdom

Etter initiativ og utspring frå startmøtet til ÅTIL har det også vore gjort ei kartlegging av kva ungdom ynskjer å drive med på fritida i kommunen, noko som blant anna har ført til at ÅTIL har starta med open hall i samarbeid med ungdomsklubben. 

Vi ynskjer ÅTIL lukke til vidare med det gode arbeidet de gjer kvar dag!