Fylkeskommunen vedtok i 2022 ekstraløyvinga med føremål om å styrke arbeidet med å gjenopprette aktivitet i den organiserte idretten i Vestland. Støtteordninga har overordna målsetnadar om å styrke idrettslaga si rolle og funksjon i lokalsamfunnet og å stimulere frivilligheita og aktivitetstilboda i idrettslaga i heile fylket.
I den andre søknadsrunden var det over 130 søkjarar med ein total søkandssum på over 5 millionar kroner. Nokre område peika seg ut, deriblant ulike kompetansehevande tiltak for trenarar, dommarar og andre støttefunksjonar i idrettslaget, samt ulike tiltak for å redusere økonomiske barrierar. I tillegg har mange søkt om støtte til utstyr, til dømes for å kunne låne ut til alle som deltek. Det er gjort overordna prioriteringar med omsyn til breidde i tilbodet og vurdering av langvarig effekt på tiltaka det blei søkt om.
Totalt er dei fem millionane som fylkeskommunen løyvde til støtteordninga for idrettslag no delt ut.
- Vi er svært takknemmelege for støtta frå Vestland fylkeskommune, seier organisasjonssjef Knut Songve. Vi er særleg fornøgd med at støtteordninga svarar opp idrettslaga sine primære behov, som er å styrke den grunnleggande aktiviteten i idrettslaget.
Idrettslaga som har søkt i den andre tildelingsrunden får i desse dagar tilbakemelding på søknadane sine.