I mandatet frå styret framgår det mellom anna at utvalet skal utarbeide forslag til nødvendige tiltak i idretten knytt til vedteken anleggsstrategi i Norges idrettsforbund og i Vestland idrettskrets.
I dette arbeidet ligg mellom anna kartlegging av behov for anlegg og å synleggjere desse i samarbeid regionale og lokale organisasjonsledd i idretten inn mot offentlege myndigheiter. I dette arbeidet blir det viktig å kartlegge behova for dei litt større anlegga ein ikkje kan byggje i kvar kommune, ofte omtala som strategisk viktige anlegg. Målet er å få løfta desse behova inn i det idrettspolitiske arbeidet for å bidra til å flest mogeleg av desse blir realisert.
I det idrettspolitiske arbeidet er det også ulike høyringar der det er viktig å kome med innspel for å sikre idretten i Vestland sine interesser. Her vil anleggsutvalet få ei viktig rolle for å gje styret eit godt grunnlag for gode vedtak som sikrar gode rammevilkår for god anleggsutvikling i Vestland.
Oversikt over medlemmer i utvalet:
Navn | Funksjon | Organisasjonsledd | Kommune |
Nils R Sandal | leiar | Styret Vestland idrettskrets /Breimsbygda IL | Gloppen |
Tone Stavland | medlem | Styret Vestland idrettskrets/Bremnes IL | Bømlo |
Annicke Bergh Monsen | medlem | Hordaland Svømmekrets, Bergens Svømme Club | Bergen |
Arnt-Inge Solvang | medlem | Hordaland Skøytekrets/Loddefjord IL | Bergen |
Aud Kari Isane | medlem | Sogndal IR/Balestrand IL, Sogn og Fj Friidrettskrins | Sogndal |
Kristin Stølen | medlem | Askøy IR/Østsiden Askøy FK | Askøy |
Lars-Idar Vegsund | medlem | Sunnfjord IR/Førde IL | Sunnfjord |
Petter Hylland | medlem | Brettforbundet/Bergen Skateboardklubb | Bergen |
Robert Hagen | medlem | NHF Region Vest/Askøy | Askøy |
Tore Thorsen | medlem | NFF Hordaland/IL Arna -Bjørnar | Bergen |