Jeanette Heggen (25) er frå Austevoll, og deltok på leiarkurs for ungdom då ho var 16 år. I forkant av det komande kurset i Bergen 10. - 12. november har vi fått med oss Jeanette på eit epost-intervju.
Kvifor meiner du ungdom bør vurdere akkurat dette kurset, Jeanette?
- Leiarkurs for ungdom gir deg nye moglegheiter i idrettsorganisasjonen, samtidig som det styrkar deg i den rolla du har i dag. Kurset gir ein kompetanse som ein får bruk for i idretten, men også ellers i livet.
Kurset er bygd opp slik at første del går over ei helg med fysisk oppmøte, medan del to er ei digital oppfølgingssamling. Kva får ein ut av den første kurshelga?
- På den første kurshelga får ein innsikt i korleis ein kan utvikle si rolle i idretten, men ein får også knytt nye bekjentskap og møter andre unge som har samme interesse for idrett.
Var det noko du syntes var ekstra bra med deltakinga, som var betre eller annleis enn det du forventa?
- Det har gitt meg mange nye moglegheiter, både når det kjem til jobb, ansvar i idrettslaget, men også i idretten nasjonalt. Det kan vere verdt å merke seg at det er lurt å ha kurset på CV'en når ein i framtida skal søke jobb.
Kva sit du igjen med når du ser tilbake på di deltaking?
- Kurset opna nye dører for min del. Eg fekk meir ansvar, og fekk vere med å bestemme i idrettslaget. Vidare har eg delteke på nasjonale samlingar og fått mange nye venner frå heile Norge. Leiarkurs for ungdom har vore med på å gjere til at eg har vore leiar for ungdomsutvalget i Vestland idrettskrets og er styremedlem i Vestland idrettskrets.
Kurset er også lagt opp slik at alle deltakarane skal ha ein kontaktperson med ei mentorrolle i sitt idrettslag (evt. idrettsråd/særkrets/region). Kva får idrettslaget/organisasjonsleddet igjen for å sende ungdom på dette kurset?
- Sjølv blei eg kontakta direkte av dagleg leiar i mitt idrettslag, Selbjørn IL, som spurte meg om eg ville delta på leiarkurs for ungdom. Om eg ikkje hadde blitt spurt så hadde eg nok aldri vore der eg er i dag. Å investere i ungdom er å investere i framtida til idrettslaget. Idrettslaget får igjen ein ungdom som er tryggare på seg sjølv, som tar ansvar og bidrar, har auka engasjement, og på sikt ein person med auka kompetanse som kan vere med å drifte idrettslaget. Det er viktig å la deltakarane få sleppe til i idrettslaget når dei er ferdige, slik at dei får moglegheit til å ta meir ansvar.
Dei neste kursa blir gjennomført i Bergen 10. - 12. november (påmeldingsfrist 5. oktober!) og på Skei i Jølster 9. - 11. februar 2024 (påmeldingsfrist januar 2024).