Illustrasjon
Barn i aktivitet. Foto: Vestland idrettskrets

Lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Informasjon om Vestland fylkeskommune si støtteordning Lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom.

Kven kan søke?

Regionale ledd av frivillige organisasjonar innan idrett og friluftsliv. Det betyr at følgande organisasjonsledd i idretten kan søke på ordninga:

  • Vestland idrettskrets
  • Alle særkretsar og regionar i Vestland
  • Særidrettar utan regionalt ledd kan søke gjennom sitt særforbund
  • Idrettslag som sender eigen søknad til fylkeskommunen, vil bli avvist og bedt om å kontakte sitt regionale ledd.

Søknadsprosess Vestland idrettskrets 2023 

Som regionalt ledd har vi for søknadsåret 2023 prioritert kategoriar som vi vil søke fylkeskommunen om støtte til. Dette vil vere prosjekt av fellesidrettsleg karakter, som til dømes tiltak for barn og unge med særskilte behov, tiltak som inkluderer fleire jenter i idretten eller ferieaktivitetar med tilbod om å prøve fleire ulike idrettar.

Målet vårt er deretter å støtte idrettslaga i sin aktivitet og tilbod til barn og unge, og det vil bli opna for søknadar frå idrettslaga til idrettskretsen etter fylkeskommunen har gjort vedtak om tildeling. Med bakgrunn i tidlegare vedtakstidspunkt frå fylkeskommunen, estimerer vi at det vil skje rundt 1. mai. Det er også viktig at idrettslaga er kjent med at tildeling varer til årsslutt, og at idrettslaga innan midten av desember må rapportere til idrettskretsen på bruken av midlane. 

Oppsummert med tidslinje: 

  • Innan 15. februar: Vestland idrettskrets søker fylkeskommunen om støtte til tiltak innanfor ulike kategoriar 
  • Estimert slutten av april: Vestland fylkeskommune gjer vedtak om tildeling til regionale ledd.  
  • Estimert 1. mai: Vestland idrettskrets opnar for søknadar frå idrettslag (det blir utarbeidd eige skjema) 
  • Estimert 15. juni: Tildeling er ferdigstilt  
  • Innan 5.januar 2024: Idrettslag som mottok støtte må rapportere med skildring av gjennomførte tiltak og økonomisk oversikt over bruken av midlane (det blir utarbeidd eige skjema) 

Fylkeskommunen er opne for at ein kan søke på prosjekt som allereie er starta opp eller vil starte i løpet av den næraste tida. Dersom idrettslag har prosjektidear som de vil drøfte med oss, må de gjerne ta kontakt på epost eller telefon om dette. 

Idrettskretsen sine prioriteringar er basert på Vestland fylkeskommune sin informasjon om kva tiltak som kan få støtte og kva som vil bli prioritert. All informasjon finn ein hos Vestland fylkeskommune på denne sida: https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/fysisk-aktivitet/tilskot-til-lagterskel-fysisk-aktivitet-for-barn-og-ungdom/  

Kontaktpersonar Vestland idrettskrets:

Helene Fraas
Helene Fraas
Rådgiver inkludering flerkulturelle

Bistå idrettslag i samfunn- og verdiarbeid - inkludering i idretten
Kommunale og private asylmottak i fylket
Samarbeid med kommuner, frivillige organisasjoner og andre relevante aktører
Aktivitetsguide
Nasjonale mål for samfunn- og verdiarbeid i idretten

Thea Christiansen Mandt
Thea Christiansen Mandt
Rådgiver paraidrett