Foto: Vestland idrettskrets.
Foto: Vestland idrettskrets.

Lågterskelmidler for barn og ungdom 2023

Idrettskretsen har fått tildelt midlar frå Vestland fylkeskommune i støtteordninga Lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom 2023.  Idrettslag i Vestland kan søke om støtte frå Vestland idrettskrets i ulike kategoriar. Merk at vi må følgje fylkeskommunen sine vilkår for ordninga. Kva kategoriar, type tiltak og utfyllande informasjon om kva idrettslaget kan søke om ser du i nedtrekksmenyen under.

Søknadsfrist alle kategoriar: Fredag 2.juni klokka 23:59

OBS unntak ferieaktivitetar sommar med frist 30.mai 23:59

Kven kan søke: Idrettslag og idrettsråd som er tilslutta Norges idrettsforbund.  

Kva er lågterskelaktivitet?  Det er viktig å presisere at lågterskel fysisk aktivitet betyr at det ikkje er ordinær idrettsaktivitet i fokus. Det skal vere fokus på å skape og vedlikehalde fleire aktivitetsmoglegheiter for barn og ungdom der idrettsglede, inkludering, samarbeid og miks av idrettar står sentralt. Det er og særskilt fokus på å få med dei som ikkje er aktive i idrett frå før, med ekstra vekt på sårbare grupper (personar frå låginntekstfamiliar og personar med synlege/ikkje synlege funksjonsnedsettingar).

Søknadsskjema for alle kategoriarKlikk her for søknadsskjema

Rapportering: Bruken av midlane må rapporterast til Vestland idrettskrets innan 5.januar 2024

Kva kan ein søke på- sjå kategoriar under :

Vestland idrettskrets si målsetjing:
 Vi ønsker å få fleire jenter inn i organisert idrett, og hindre fråfallet. Målet med jenter i fokus er å særskilt gi jenter med minoritetsbakgrunn moglegheit til å delta i lågterskel idrettsaktivitetar i ulike former. 

Målgruppe: 
Hovudmålgruppa er jenter i alderen 10-25 år med minoritetsbakgrunn. 

NB: Aktivitetane kan vere opne for alle, det vil seie at målgruppa kan vere alle barn og ungdom i det nærområdet aktiviteten avviklast, men med særskilt vekt på å få med målgruppa nemnt over.

Kva kan idrettslaget søke på?

Aktivitetar som fremmer Jenter i fokus kan vere opplæring innan ein idrett eller det kan være treningstiltak for jenter som inneheld fleire ulike idrettsaktivitetar. 

Samarbeid blir sett på som eit suksesskriterium. 

Idrettslaget kan difor søke på til dømes:

Instruktørhonorar, reise/transport, mat, leige av hall og ev. utstyr som er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Administrasjonsarbeid som planlegging, koordinering m.m. kan maks utgjere 20%.

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr.  125 000 (totalt til fordeling)

Kriterium:

  • Idrettslaget må i søknadsskjemaet opplyse plan for gjennomføring og  forklare kva midlane skal brukast til.
  • Vi vil særskilt prioritere idrettslag som involverer målgruppa, ungdom eller ungdomsutval i planlegging og gjennomføringa.
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift, eller til anlegg. 
  • Utstyr vurderast kun dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket det vert søkt om

Husk på:

  • Tilrettelagte aktivitetar kan vere med å skape tryggheit til eit idrettsmiljø.
  • Få fleire jenter og kvinner med minoritetsbakgrunn med i idretten, her både som utøvar og/eller bidragsytar i ulike former (trenar, dommar, ledar, etc).   
  • Vere med å fremme gode rollemodellar i idretten. 

Kontaktperson: Elise Barsnes, Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets si målsetjing:
Få fleire barn og unge med ulike tilretteleggingsbehov med i den organiserte idretten, slik at dei kan oppleve tryggheit, meistring og bevegelsesglede i fellesskap med andre. 

Målgruppe: 
Nokon barn og unge har utfordringar det kan vere vanskeleg å oppdage ved første augekast. Det kan til dømes vere psykiske lidingar, sosiale utfordringar eller somatiske plager som i liten grad er synleg på kroppen. Andre har fysiske funksjonsnedsetjingar som også krev tilrettelegging.

Kva kan idrettslaget søke på?

Til dømes:

  • Støtte til aktivitetstilbod for målgruppa, til dømes honorar til ekstra trenarar og støttepersonar i aktiviteten
    • Både enkeltståande aktivitetsdagar med utprøving av aktivitet og gjentakande tilbod vil kunne bli vurdert for støtte
  • Kompetansehevande tiltak som temakveldar eller kurs for trenarar/instruktørar

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 122 000,- (totalt til fordeling)

NB:

  • Idrettslaget må i søknadsskjemaet opplyse plan for gjennomføring og  forklare kva midlane skal brukast til
  • Tiltaket kan vere starta opp når søknaden vert sendt
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift, eller til anlegg.
  • Utstyr vurderast kun dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket det vert søkt om

Kontaktperson: Thea Christiansen Mandt, Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets si målsetjing:
Idrettslag/klubbar skal skape opne møteplassar for barn og unge i sitt nærmiljø der ein miks av lågterskel idrettsaktivitetar er i fokus og alle kan delta etter sine ønskjer og behov. 

Målgruppe: 

Primær målgruppe er barn og ungdom frå låginntektsfamiliar og barn og ungdom med minoritetsbakgrunn i alderen 8-19 år. 

NB: Aktivitetane er som regel opne for alle, så det vil seie at målgruppa er alle barn og ungdom i det nærområdet open hall avviklast, men med særskilt vekt på å få med målgruppa nemnt over.

Kva kan idrettslaget søke på?

1) Open hall /sportsmix er tiltak for å samle ein eller fleire målgrupper til å ha ulike idrettsaktivitetar saman, utan at det er eit bestemt treningsopplegg eller ordinære treningar og konkurransar i fokus. Open hall-konseptet kan gjennomførast både inne og ute.

2) Ferieaktivitetar er tiltak i haust og vinterferie for å samle ein eller fleire målgrupper til å ha ulike idrettsaktivitetar saman, utan at det er eit bestemt treningsopplegg eller ordinære treningar og konkurransar i fokus. Ferieaktivitetar kan gjennomførast både inne og ute. Ein kan og søke på ferieaktivitetar på planleggingsdagar. 

Samarbeid blir sett på som eit suksesskriterium. 

Idrettslaget kan difor søke på til dømes:

Instruktørhonorar, reise/transport, mat, leige av hall og ev. utstyr som er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Administrasjonsarbeid som planlegging, koordinering m.m. kan maks utgjere 20%. 

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 150 000 (totalt til fordeling)– eit idrettslag vil maks kunne få 25 000kr

Kriterium:

  • Idrettslaget må i søknadsskjemaet opplyse plan for gjennomføring og  forklare kva midlane skal brukast til
  • Idrettskretsen vil setje krav om at deltakaravgifta skal vere gratis eller svært låg og at det skal vere eit tilbod som er ope for alle innanfor ulike aldersgrupper
  • Vi vil særskilt prioritere idrettslag som involverer ungdom eller ungdomsutval i planlegging og gjennomføringa. 
  • Tiltaket kan vere starta opp når søknaden vert sendt.
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift, eller til anlegg.
  • Utstyr vurderast kun dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket det vert søkt om
  • OBS! Det vert ikkje gjeve støtte til idrettsskoler/SFO

Kontaktperson: Elise Barsnes, Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets si målsetjing:

Idretten skal bidra til å skape gode og spennande ferieminner for barn og ungdom i ferieavvikling, med idrettsglede, positiv meistringsfølelse og vennskap i fokus.  

Målgruppe: 

Primær målgruppe er barn og ungdom frå låginntektsfamiliar og barn og ungdom med minoritetsbakgrunn i alderen 8-19 år. 

NB: Aktivitetane er som regel opne for alle, så det vil seie at målgruppa er alle barn og ungdom i det nærområdet ferieaktivitetane avviklast, men med særskilt vekt på å få med målgruppa nemnt over.

Kva kan idrettslaget søke på?

Ferieaktivitetar er tiltak i sommarferie for å samle ein eller fleire målgrupper til å ha ulike idrettsaktivitetar saman, utan at det er eit bestemt treningsopplegg eller ordinære treningar og konkurransar i fokus. Ferieaktivitetar kan gjennomførast både inne og ute.

Samarbeid blir sett på som eit suksesskriterium.

Idrettslaget kan difor søke på til dømes:

Instruktørhonorar, reise/transport, mat, leige av hall og ev. utstyr som er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Administrasjonsarbeid som planlegging, koordinering m.m. kan maks utgjere 20%. 

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 150 000 (totalt til fordeling) – eit idrettslag vil maks kunne få 25 000kr

Kriterium:

  • Idrettslaget må i søknadsskjemaet opplyse plan for gjennomføring og  forklare kva midlane skal brukast til
  • Ferieaktivitetar skal minimum vare i to dagar i sommarferien og må innehalde minimum tre ulike idrettar.
  • Det skal vere ein form for måltid med, innhaldet i måltidet vil vere avhengig av lengde på aktivitetane. 
  • Idrettskretsen vil setje krav om at det skal vere gratis å delta eller svært låg deltakaravgift (maks 45 kroner dagen pr deltager). 
  • Vi vil særskilt prioritere idrettslag som involverer ungdom eller ungdomsutval i planlegging og gjennomføringa. 
  • Nye ferieaktivitetstiltak vert prioritert framfor tidligare søknader og idrettslag utanfor Bergen vert prioritert.
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift, eller til anlegg. 
  • Utstyr vurderast kun dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket det vert søkt om

Kontaktperson: Elise Barsnes, Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets si målsetjing:
Idrettslag/klubbar skal skape opne møteplassar for barn og unge i sitt nærmiljø der ein miks av lågterskel idrettsaktivitetar er i fokus og alle kan delta etter sine ønskjer og behov. 

Målgruppe: 

Primær målgruppe er barn og ungdom frå låginntektsfamiliar og barn og ungdom med minoritetsbakgrunn i alderen 8-19 år. 

NB: Aktivitetane er som regel opne for alle, så det vil seie at målgruppa er alle barn og ungdom i det nærområdet open hall avviklast, men med særskilt vekt på å få med målgruppa nemnt over.

Kva kan idrettslaget søke på?

Open hall er tiltak for å samle ein eller fleire målgrupper til å ha ulike idrettsaktivitetar saman, utan at det er eit bestemt treningsopplegg eller ordinære treningar og konkurransar i fokus. Open hall-konseptet kan gjennomførast både inne og ute.

Samarbeid blir sett på som eit suksesskriterium. 

Idrettslaget kan difor søke på til dømes:

Instruktørhonorar, reise/transport, mat, leige av hall og ev. utstyr som er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Administrasjonsarbeid som planlegging, koordinering m.m. kan maks utgjere 20%. 

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 150 000 (totalt til fordeling) – eit idrettslag vil maks kunne få 25 000kr

Kriterium:

  • Idrettslaget må i søknadsskjemaet opplyse plan for gjennomføring og  forklare kva midlane skal brukast til
  • Det skal minimum vere tre ulike idrettar inkludert i tiltaket.
  • Idrettskretsen vil setje krav om at deltakaravgifta skal vere gratis eller svært låg og at det skal vere eit tilbod som er ope for alle innanfor ulike aldersgrupper
  • Vi vil særskilt prioritere idrettslag som involverer ungdom eller ungdomsutval i planlegging og gjennomføringa. 
  • Nye opne hall tiltak vert prioritert føre tidlegare søkarar.
  • Tiltaket kan vere starta opp når søknaden vert sendt.
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift, eller til anlegg.
  • Utstyr vurderast kun dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket det vert søkt om

Kontaktperson: Elise Barsnes, Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets si målsetjing: 
I dette prosjektet vil vi prioritere å støtte idrettlag som vil starte opp eller vidareutvikle nye aktivitetstilbod slik at fleire ungdom kan delta i idrett og finne sin plass. 

Målgruppe: 
Ungdom og barn som ikkje deltek i aktivitet i idrettslaget idag, men som ønsker å bli med å finne sin plass og aktivitetsform. 

Kva kan idrettslaget søke på: 

  • Oppstart eller vidareføring av nye aktivitetstilbod. Medverknad frå målgruppa vert vektlagt. 
  • Oppstart eller vidareføring av nye modellar for organisert aktivitet som får fleire ungdom med. 
  • Idrettslag som har stor grad av medverknad frå målgruppa vert prioritert
  • Ein kan nytte Vestland idrettskrets sitt ungdomsutval som rådgjevande part

Idrettslaget kan difor søke på til dømes:

Instruktørhonorar, reise/transport, mat, leige av hall og ev. utstyr som er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Administrasjonsarbeid som planlegging, koordinering m.m. kan maks utgjere 20%. 

Tilgjengeleg sum: Kr. 125 000,- (totalt til fordeling)

Kriterium for tildeling: 

  • Idrettslaget må i søknadsskjemaet opplyse plan for gjennomføring og korleis målgruppa skal medverke, samt forklare kva midlane ein søker om skal brukast til (enkelt budsjett)
  • Tiltaket må vere gratis eller ha svært låg deltakaravgift, og tilbodet skal vere ope for alle i målgruppa
  • Tiltaket kan vere starta opp 
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift, eller til anlegg. 
  • Utstyr vurderast kun dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket det vert søkt om 

Kontaktperson: Thea Christiansen Mandt, Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets si målsetjing:
Vi ønsker at fleire kvinner og jenter med minoritetsbakgrunn skal lære seg å sykle. Denne kateogorien skal omfatte opplæring i sykling og på sikt bidra til auka bruk av sykkel i kvardagen. 

Målgruppe: 
Hovudmålgruppa er jenter i alderen 10-25 år med minoritetsbakgrunn. 

NB: Aktivitetane kan vere opne for alle, det vil seie at målgruppa kan vere alle barn og ungdom i det nærområdet aktiviteten avviklast, men med særskilt vekt på å få med målgruppa nemnt over.

Kva kan idrettslaget søke på?

Aktivitetar som fremmer sykling for jenter gjennom grundig opplæring. Vestland idrettskrets har ein mal for eit sykkelopplegg som kan nyttast om ønskeleg. 

Samarbeid blir sett på som eit suksesskriterium. 

Idrettslaget kan difor søke på til dømes:

Instruktørhonorar, reise/transport, mat, leige av hall og ev. utstyr som er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Administrasjonsarbeid som planlegging, koordinering m.m. kan maks utgjere 20%.

Tilgjengeleg sum til fordeling: kr.  175 000 (totalt til fordeling) 

Kriterium:

  • Idrettslaget må i søknadsskjemaet opplyse plan for gjennomføring og  forklare kva midlane skal brukast til.
  • Vi vil særskilt prioritere idrettslag som involverer målgruppa, ungdom eller ungdomsutval i planlegging og gjennomføringa.
  • Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift, eller til anlegg. 
  • Utstyr vurderast kun dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket det vert søkt om

Kontaktperson: Elise Barsnes, Vestland idrettskrets

Helene Fraas
Helene Fraas
Rådgiver inkludering flerkulturelle

Bistå idrettslag i samfunn- og verdiarbeid - inkludering i idretten
Kommunale og private asylmottak i fylket
Samarbeid med kommuner, frivillige organisasjoner og andre relevante aktører
Aktivitetsguide
Nasjonale mål for samfunn- og verdiarbeid i idretten