Erlend Slokvik hadde innlegg både for vaksne og ungdommar på Idrettens Møteplass. Foto: Vestland idrettskrets
Erlend Slokvik hadde innlegg både for vaksne og ungdommar på Idrettens Møteplass. Foto: Vestland idrettskrets

Vellukka Idrettens Møteplass i Sogndal

Kring 120 deltakarar var samla til ulike programpostar på Idrettens Møteplass i Sogndal laurdag.

Foredrag Heidi Holmlund, Olympiatoppen: "Mat, kropp og vekt i idretten: Korleis sikrar vi helse framfor prestasjon?"
Holmlund deltok digitalt, men med engasjement og tydeleg bodskap nådde ho godt fram til dei kring 50 som deltok på foredraget. Holmlund poengterte betydninga av å vektlegge meistring og miljø framfor resultatjag og prestasjonar for unge utøvarar. Ho snakka òg engasjert om sjølvkjensle, den naturlege utviklinga hos jenter og gutar i ungdomsåra, måten vi kommuniserer og snakkar med barn og unge om mat og kropp, og at vi vaksne må vere svært medvitne vår rolle som førebilete og trygge støttepersonar. Holmlund hadde også med kva som kan vere "alarmklokker" eller første teikn på eteforstyrringar. 

 

Foredrag Erlend Slokvik, sportssjef i Friidrettsforbundet: "Toppidrett og talentutvikling - korleis få fram neste generasjon idrettsutøvarar?"

Slokvik poengterte kor viktig det er med eit allsidig grunnlag i idretten, at det er rom for å kunne drive med fleire idrettar langt opp i ungdomsåra. Allsidigheit og variasjon i treninga er viktig dersom ein siktar mot toppidretten, for å kunne utvikle nødvendige eigenskapar og ta ut potensialet på toppnivå seinare. Slokvik hadde òg ein tydeleg bodskap i høve å bygge gode og meistringsorienterte miljø i barne- og ungdomsidretten. Slokvik heldt òg innlegg for ungdommane på treningssamling. 

Treningssamling for ungdom 12 - 19 år:

Knappe 50 ungdommar frå mange ulike idrettar samla seg til ein basistreningsdag i Sogndal idrettshall laurdag. Trenarane Eivind Øygard, Jorunn Aa Albretsen og Kari Bergheim Hole leia dagen. Det var to treningsøkter med ulike innslag av styrke, koordinasjon, spenst, hurtigheit og rørsleevne. Målet med ei slik samling er at ungdommane skal få møtast på tvers av idrettsgreiner, bli kjent, få inspirasjon og motivasjon, samt å lære og prøve nye treningsformer som stimulerer grunnleggande ferdigheiter som trengs i alle idrettar.

 

Anna program: 

Totalt var kring 120 deltakarar innom dagen. Dei aller fleste var samla til lunsj i kantina på Sogndal vidaregåande skule, og målet med ein felles lunsj er nettopp å møtast og bli kjent på tvers. På ettermiddagen var det fleire parallelle programpostar:

  • Kurs KlubbAdmin
  • Kurs Klubbens styrearbeid i praksis
  • Møteplass Paraidrett
  • Styremøte Vestland idrettskrets
  • Haustmøte Sogn og Fjordane skikrins
  • Haustmøte Sogn og Fjordane friidrettskrins
  • Haustmøte Sogn og Fjordane orienteringskrins 

Vestland idrettskrets takkar alle for oppmøtet, og ei ekstra takk til særkretsane ski, friidrett og orientering for samarbeidet.