Valkomiteen sitt arbeid 17. januar kl. 19.00 - 21.00 - digitalt
Mange lurer på korleis dei skal finne nye kandidatar som vil ta på seg verv i idrettslaget, og kva lovkrav ein må forhalde seg til. Er det til dømes krav til dei som skal ta på seg eit verv, kva roller skal ein finne kandidatar til, eller når skal innstillinga vere klar? Desse og fleire andre spørsmål vil bli gjennomgått denne temakvelden.
Rådgjevar for organisasjon i idrettskretsen, Heidi Hatlen, vil gjennomgå dei viktigaste lovkrava som valkomitéen må forhalde seg til. Kari Amble vil gi gode tips til valkomiteen sitt arbeid når det kjem til informasjon og kommunikasjon. I tillegg ulike faktorar som kan vere viktige å reflektere rundt, som ikkje nødvendigvis står i lovnormen. Kari har lang erfaring frå kommunikasjon i yrkeslivet og fleire ulike verv på ulike nivå i idretten. I tillegg vil idrettsstyremedlem og leiar i Vestland idrettskrets sitt ungdomsutval, Sara Stokken Rott bidra på temakvelden.
Her kan du lese meir om temakvelden.
Påmelding direkte via denne lenka - seinast 16.1.22.
Alle påmeldte deltakarar mottek lenke til møterommet i løpet av 17. januar.
Årsmøtegjennomføring 2. februar kl. 18.00 - 20.00.
På denne temakvelden vil Heidi Hatlen ta dykk gjennom ulike måtar å gjennomføre årsmøtet på, samt kva de må tenke på før, under og etter årsmøtet er halde.
De får konkrete tips og verktøy de kan nytte i førebuingane og det blir sjølvsagt høve til å stille spørsmål.
Påmelding via Min idrett her Alle påmeldte deltakarar mottek lenke til det digitale møterommet i løpet av 2. februar.
Sjå også sida vår for årsmøtegjennomføring med lenker til malar for dokument som er aktuelle