"Eg hadde sett for meg at vi skulle få svar på denne søknaden den 13. desember, derfor var det ikkje i tankane mine at det kunne vere Gjensidigstiftelsen når det ringte ein journalist som ville skrive om Aktive Gamere", seier Berntsen Farnes. "Eg tenkte vi fortsatt surfa på bølga frå Aktive Gamere konferansen der Idrettsklynge Vest og Vestlandet E-sport for alvor sette Gaming og E-sport på dagsorden den 19.november", smiler Berntsen Farnes.
Godt forankra samarbeid
Det er Vestlandet E-sport som er den formelle søkar og mottakar av pengegåva frå Gjensidigestiftelsen. Vestlandet E-sport er ein del av møteplassen Aktive Gamere i Idrettsklynge Vest, der ein har samla viktige bidragsytarar på feltet som no skal jobbe for å få e-sportsinteresserte i 9-18 års alderen ut av ungdomsromma og inn i positive fellesskap som set helse og trivsel i fokus. "Aktive Gamere skal koordinere, samle, publisere, dele og realisere kompetanse og kunnskap om dataspeling og e-sport på tvers av ein rekke aktørar. Gjennom tverrfaglege møteplassar, prosjekt og aktivitetar ynskjer vi å få etablert ein samla ressursdatabase for alle som ynskjer kunnskap og kompetanse om dataspeling og e-sport", fortel Berntsen Farnes
Vestland i førarsetet
Samfunnskontakt i Vestlandet E-sport Frank Willy Djuvik jubla av glede då han fekk den gode nyheten: "Vestland har allereie tatt ein nasjonal rolle på dette feltet. Vi er det første fylket som lanserar ein eigen e-sport strategi, vi har allereie etablert eit tverrfagleg nettverk gjennom Aktive Gamere møteplassen. Denne gåva kom på perfekt tidspunkt, no får vi moglegheit til å realisere tankane og draumane våre på ein god og berekraftig måte, det gler eg meg skikkelig til, seier ildsjela som sjølv er ein entusiastisk gamer.
Det var også ein fornøgd givar som fekk gleda av å overrekke sjekken. "Dette er eit solid prosjekt, med mange store tunge og seriøse aktørar bak. Det var ingen tvil om at vi skulle støtte dette prosjektet", melder Even Søfteland frå Gjensidigestiftelsen. Han kan også fortelje at det var det største summen som vart tildelt under haustens utdeling.
Styrke dei frivillige:
Gjennom dette prosjektet ynskjer vi å styrke dei frivillige. Vi vil gjere det lett for dei og lykkast, vi vil tilrettelegge for nye møteplassar, vi vil gje dei kvalitetssikra verktøy slik at dei igjen kan bruke sitt verdifulle frivillige engasjement på det aller viktigaste. Nemlig ungdommane. Gjennom godt tverrfagleg samarbeid mellom sterke aktørar kan vi saman inkludere fleire, gi fleire mestringsopplevingar, sosial tilhøyre og ein meningsfull kvardag, uavhengig av om vi er stor eller liten, erfaren eller mindre erfaren, står det i søknaden.
Kva skal gjerast?
Heilt konkret skal ein i prosjektet gjennomføre følgande:
- Skape tverrfaglege møteplassar og nettverksbygging
- Etablere tverrfaglege ressursteam som kan bistå frivilligheten
- Utvikle rettleiande materiell
- Inspirere idrett- og organisasjonslivet
- Gjennomføre trenerutdanningar
- Etablere utlånsordningar
- Etablere seriespel
- Oppdatere og utvikle www.aktivegamere.no
- Forsking og utvikling gjennom studentinvolvering
Det første som står på lista av gjeremål er å engasjere ein prosjektleiar som kan ta litt av børen til dei frivillige og ha 100% fokus på Aktive Gamere.
Aktørane i Aktive Gamere møteplassen og samarbeidspartar i prosjektet er: Vestland fylkeskommune, Vestland idrettskrets, Helse Bergen ved Energisenteret for barn og unge, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Bergen kommune, Sportsklubben Brann, Olympiatoppen Vest og Spillhuset i Bergen.