Deltakaren får i dette kurset kunnskap om kva det vil seie å vere ein frivillig ressurs i idretten, og ikkje minst bli motivert og inspirert til å ynskje og tørre å ta ansvar i eigen klubb.
Merk:
- Dette er ikkje eit trenar- eller dommarkurs, og det er ikkje lagt opp til organisert trening i løpet av kurshelga. Kurset krev mykje aktiv deltaking gjennom diskusjonar og gruppearbeid.
- Du kan også delta om du er engasjert i idrettsrådet eller særkretsen/regionen.
Kort om kurset:
- Del 1 Leiarkurs for ungdom blir gjennomført i løpet av ei helg (fredag kveld til søndag ettermiddag)
- Del 2 er ei oppfølgingssamling på 3-4 timar som gjennomførast digitalt 3 - 6 månadar etter del 1 (kveld eller helg)
- Alle deltakarar skal ha ein kontaktperson frå idrettslaget (ev. andre org.ledd)