Verksemdsplanprosess

Kva og kven er idrettslaget til for? Kvifor driv vi med det vi gjer i idrettslaget? Kva verdiar står vi for, og kva mål jobbar vi mot?

Er det vanskeleg å svare på spørsmåla over er verksemdsplanprosess ein nyttig prosess som har til mål å svare på desse spørsmåla.  

Målgruppe:
Alle leiarar i idrettslaget. Med leiarar meinast alle som har eit ansvar for å leie andre i idrettslaget; både styret, trenarar, valde/oppnemnde komitear og utval, tilsette og andre personar i andre typar leiarverv idrettslaget.  

Organisering:
4-15 timar ute hos idrettslaget. Idrettskretsen stiller med veiledar som leiar prosessen. 

Innhald:

  • Korleis legge til rette for god drift av idrettslaget med basis i eit vedtatt planverk?
  • Organisasjonsraketten som verktøy for å lage ein verksemdsplan.
  • Dei tre V-ane i idrettslaget: Visjon - Verdiar – Verksemdsidé.
  • Kva mål skal idrettslaget jobbe mot?
  • Konkrete retningslinjer og levereglar i lys av visjonen, verksemdsideen og verdiane.
  • Handlingsplanar som hjelp til å realisere måla.

 

organisasjonsraketten.png

Gjennom jobbing med ein verksemdsplan vil ein rette fokus på spørsmål over. Målet med prosessen er å lage ei felles plattform for idrettslaget, å få alle i idrettslaget til å dra i same retning.

Idrettslaget eller ulike grupper i laget vil ha følgjande nytte av prosessen:

  • Eigarskap til det verdigrunnlaget som idrettslaget skal fungere etter, idrettslaget sin verksemdside og visjon.
  • De vert einige om kva hovudmål idrettslaget skal realisere.
  • De får ei forståing for korleis verksemdsplanen skal forankrast i klubben.
  • De vert einige om korleis de lagar detaljerte handlingsplanar som vert nytta til å realisere det de har bestemt i verksemdsplanen. 

Det som vert skapt gjennom prosessen kan idrettslaget bruke vidare til å bygge eit klart og tydeleg omdømme både internt og utad.

Martin Uthaug
Martin Uthaug
Rådgiver klubbutvikling

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag