Idrettskretsen held i samarbeid med Nok. Bergen og Nok. Sogn og Fjordane foredrag om Trygg på trening. Trond Berge Høvik frå Nok. Bergen snakkar om kva vi som trygge vaksne skal gjere om vi mistenker at eit barn kan vere utsatt for overgrep, og gir oss verktøy til å skape idrettslag og idrettsmiljø som er trygge for alle barn.
Foredraget er for alle interesserte. Det er spesielt relevant for alle trenarar og aktivitetsleiarar, lagleiarar, tillitsvalte og foreldre/føresette i idrettslaget. Nedre aldersgrense er 16 år.
Høyr kva Eirik André Hesthamar i Nore-Neset idrettslag seier om foredraget her.
Kristine Saltskår i IL Alvidra har ei oppfordring, høyr den her:
Jan Hendrik Parmann, president i Norges Basketballforbundet, seier følgjande:
Les meir om arbeidet på nettsida vår, kor du også finn lenke til retningslinjer og saksgang og ta kontakt med Martin Uthaug om din klubb ønsker meir informasjon og kurs.