Styrekurs for idrettslag

Deltakarane skal bli tryggare i rolla som medlem av styret og kjenne til kva ansvar dei har. Dei skal få oversikt over aktuelle lover og reglar, kjennskap til rekneskap, revisjon og budsjett innan økonomi, og kunne gjennomføre effektive møte, fordele roller, arbeidsoppgåver og lære mer om verdiarbeid.

Målgruppe:
Styret i klubben og gruppestyra i fleiridrettslag.
Dagleg leiar og tilsette dersom klubben har ein administrasjon. Andre tillitsvalde som styret har delegert fullmakter og myndigheit til.

Læringsmål:
Deltakarane skal tileigne seg kunnskap om lover, økonomi og drift av idrettslag for å vere tryggare i rolla i styret. Dei skal få betre kjennskap til NIFs lov og lovnorm for idrettslag, retningslinjer, årsmøtegjennomføring, rekneskap og revisjon, budsjett, fullmaktsmatrise, tilskotsordningar, årshjul, klubbhandbok, rollefordeling, struktur og kultur på møte og verdiarbeid. Det er også nokon valfrie delar deltakarane kan gjerast kjent med. 

Organisering:
Varigheit fra 2 til 3 timer. Kurset blir sett opp som ope kurs (følg med i kalender). Vi kan òg kome ut til idrettslaget og gjennomføre internt hos dykk. Kurset er gratis.

Innhald:

Lover og regler:
Organisering av norsk idrett, visjon og verdier, styrets ansvar, kartlegging av idrettslaget, lover og retningslinjer, årsmøte, organisasjonsplan, forvaltning, personvern, valgkomite, kontrollutvalg og arbeidsgiveransvar.

Økonomi:
Virkeområde, årsbudsjett, regnskaps- og revisjonsplikt, momskompensasjon for merverdiavgift, og bygg av anlegg, økonomisk årshjul, fullmaktsmatrise og oversikt tilskudd.

Drift av idrettslag:
Fordel roller og oppgaver, effektive styremøter, årsmøte, årshjul, klubbhåndbok, samordnet søknad og rapportering, verdiarbeid, samt valgfrie emner som rekruttering og tilhørighet, tillitsvalgte og frivillige, kommunikasjon, digitale hjelpemidler, trenere, anlegg, arrangement og aktivitet. 

E-læring: Du finn e-læringskurset "Innføring i styrearbeid for idrettslag" på ekurs.nif.no på denne lenken (under fane ledelse). Kurset krev innlogging med idrettens ID (Min Idrett). E-læring er ikkje obligatorisk forkunnskap til kurset, men gir ein svært nyttig gjennomgang.

Martin Uthaug
Martin Uthaug
Rådgiver klubbutvikling

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag