Klubbesøk

På klubbesøket kjem representant frå idrettskretsen ut til idrettslaget, gjerne i samband med eit styremøte. Vi blir betre kjent, og kan diskutere kva idrettskretsen kan bidra med for å styrke idrettslaget sin organisasjon. Ein får kartlagt idrettslaget sine viktigaste behov og utfordringar, og får meir kjennskap til idrettskretsen og kva vi kan bidra med (kurs/kompetansetiltak, rådgjeving, utviklingsprosessar). 

Praktisk gjennomføring er fleksibelt, det kan til dømes gjerast med fysisk oppmøte i kombinasjon med styremøte og gjerne omvisning på idrettslaget sine aktivitetsflater. Eit klubbesøk kan også gjennomførast digitalt. 

Tidsbruk også fleksibelt, men det bør setjast av minimum 30 minutt. 

 

Martin Uthaug
Martin Uthaug
Rådgiver klubbutvikling

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag