Kurset er utgått og erstattet med styrekurs for idrettslag. Styrekurs for idrettslag (idrettsforbundet.no)
Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil sei å vere tillitsvalt i eit idrettslag.
Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, og du får tips om gode verktøy for styrearbeidet. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.
Målgruppe:
Hovudstyret, gruppestyra, administrasjon (dagleg leiar), sportslege leiarar/sportsleg utval, valkomitéen, andre tillitsvalte
Innhald:
Ansvarsoppgåver:
Kva formelt ansvar har styret og kva kan gjerast for å ivareta ansvaret? Idretten sine lover og reglar, styret sitt ansvar og økonomistyring.
Strategioppgåver:
Korleis sikre at idrettslaget står sterkare til å møte framtidige utfordringar?
Ressursoppgåver:
Kva ressursbehov har idrettslaget og korleis ivareta dei? Organisering og samspel med dei ressursane som finst i idrettslaget.
Organisering:
Varigheit på inntil 4 timer. Kurset blir sett opp som ope kurs (følg med i kalender) og vi kan kome ut til idrettslaget og gjennomføre internt hos dykk. Kurset er gratis.
E-læring: Du finn e-læringskurset "Innføring i styrearbeid for idrettslag" på ekurs.nif.no på denne lenken (under fane ledelse). Kurset krev innlogging med idrettens ID (Min Idrett). E-læring er ikkje obligatorisk forkunnskap til kurset, men gir ein svært nyttig gjennomgang.