Barneidrettstrenaren

Er du ny i trenarrolla og føler deg usikker på korleis du skal organisere trening for barn? Eller ønsker du berre ei oppdatering og få inspirasjon og nye tips? Då er dette kurset for deg!

foto eirik førde k.jpg_MG_6963.jpg

På dette kurset lærer du meir om korleis ein legg til rette aktivitet slik at barna opplever glede, tryggheit og meistring medan dei leikar seg inn i idretten!

Målgruppe: Trenarar for barn i alderen 5-12 år i den frivillige idretten, eller aktivitetsleiarar i barnehage, skulefritidsordning eller skule. Nedre aldersgrense for deltakar er 14 år. 

Pris: Ordinær pris per deltakar kr. 750,-. Prisen kan variere etter korleis kurset blir organisert, slik at det er pris på invitasjon til det enkelte kurset som gjeld. Prisen inkluderer boka "Barneidrettstreneren" og idehefte for aktivitet. Ved forfall som blir meldt etter påmeldingsfrist, blir ein fakturert for halve kursavgifta. 

Påmelding: Blir opplyst for kvart einskild kurs. Følg med i kurskalenderen vår for oversikt på kurs som er opne for påmelding eller ta kontakt om du ønsker at kurset skal bli gjennomført i ditt idrettslag. 

Modul 0 (før kursstart): 

Modul 1: Trygge rammer 2 timar
Barneidrettstrenaren skal lære å leie barn i trygge læringsmiljø, der det er aktivitetsglede, innsats og meistring.

  • Trygg aktivitet og trygt miljø
  • Verdigrunnlaget i norsk idrett
  • Idretten sine barnerettar og bestemmingar om barneidrett

Modul 2: Relasjon 2 timar
Deltakar skal få kunnskap om kvifor det er viktig at barneidrettstrenaren har ein god relasjon til barna og betydninga det har for samhald, tillit og læring.

  • Utvikle eigen menneskeinteresse
  • Kva er lurt å vite om barna/utøvaren
  • Søken etter det sympatiske menneske 

Modul 3: Meistringsmiljø 3 timar
Deltakar skal vere bevisst eigne forvetningar til det å vere barneidrettstrenar, idrettslaget og barna sine forventningar. Deltakar skal vite korleis og kvifor det er viktig å skape meistringsklima på trening og konkurransar

  • Trenarskap (leiar)
  • Involvering, tilbakemeldingar og kommunikasjon
  • Undervisningsprinsipp (KAMPVISE)
  • Organisering av aktiviteten (leik, konkurransar, sirkel, stasjonar)
  • Val av undervisningsmetodar 

Modul 4: Aldersrelatert og tilpassa trening, 2 timar. Treningsplanlegging 1 time
Barneidrettstrenaren skal lære å legge til rette for trening som er tilpassa barnet sine føresetnader fysisk, motorisk, emosjonelt, kognitivt og sosialt.

  • Vekst, modning og utvikling
  • Grunnleggande ferdigheiter

Modul 5: Praktisk planlegging og gjennomføring av økt 4 t
Deltakar skal gjennomføre ei økt for barn som vektlegg kva, kvifor og korleis. Deltakar skal bruke teorien i praksis, og vere bevisst kva barna skal lære under økta. Deltakar skal ta omsyn til sikkerheit, og vite korleis ein handterer enkle idrettsskadar. 

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere hensiktsmessige aktivitetar i variert miljø, som utviklar heile mennesket

 

Nedre aldersgrense:
14 år

E-læring/forarbeid:
Alle deltakarar må gjennomføre følgande for å få godkjent kurset: 

  • Trenerattest barn (krev innlogging med Min idrett/Idrettens ID). Gjennomføring ca 30 minutt. 
  • Gjennomføre minst 80 % av kurset. Merk at modul 5 praktisk del er obligatorisk for å få godkjent Barneidrettstrenaren. 

Praktisk gjennomføring:
Kurset har ei ramme på totalt 14 timar med trenarutviklar frå idrettskretsen. Kurset kan gjennomførast modulbasert over fleire kveldar/økter, eller samanhengande til dømes laurdag og søndag. Kurset sine fellesemner (10 timar, modul 1-4) kan gjennomførast med fysisk oppmøte eller digitalt. Praktisk del (4t) gjennomførast alltid med fysisk oppmøte.

  • Idrettslaget tek kontakt med idrettskretsen ved interesse og avtalar tid og stad for gjennomføring, eller: 
  • Du melder deg på eitt av idrettskretsen sine opne barneidrettstrenarkurs (sjå kalender for neste kurs)

Lokale:
Ved interne kurs i idrettslaget er fint om ein kan disponere eit møte-/klasserom og ein gymsal eller eigna uteområde, men her kan ein også finne fleksible løysingar. Ved opne kurs finn Idrettskretsen kurslokale.

Praktisk informasjon:
Deltakar må stille med kle som passar til aktivitet, og er sjølv ansvarleg for å ta med mat, drikke og skrivesaker etter eige behov. 

Følg også med i kalenderen vår for allereie avtalte kurs som er opne for påmelding.