Barn og unge med usynlege behov

Nokon gonger opplever trenaren å bli utfordra på trening av årsaker som ikkje har med det idrettsspesifikke å gjere. Kanskje har barn ein språkbruk eller oppførsel som går ut over resten av gruppa. Andre gonger kan det vere barn som er stille og trekker seg ut av gruppa, og det kan vere ulike årsaker til at utfordringar oppstår.

Saman med eksterne fagressursar med kompetanse på området prøvar vi å hjelpe trenarane og idrettslaget til ein betre kvardag. Vi samarbeider med fagpersonar som har ekstra kompetanse på barn og unge si utvikling og korleis vi kan møte barn som utfordrar, og vi kan bistå med kompetansehevande tiltak som workshop for trenarane og andre støttepersonar i idrettslaget. 

På grunn av auka etterspurnad har vi nyleg gjennomført ein pilot hos Kalandseid IL, og vi har tidlegare i samarbeid med Idrettsklynge Vest og møteplassen Knutepunktet utarbeidd nettressursen www.tryggeutovere.no 

Ta kontakt med oss, så startar vi med eit formøte der vi går gjennom aktuelle utfordringar, avdekkar behov og legg ein plan.

Eit opplegg kan sjå slik ut:

- formøte med idrettslaget (avdekke behov, planlegging av tiltak)
- workshop(s) med trenarar/lagleiarar/ev.andre
- observasjon av treningsøkt
- workshop(s) med trenarar/lagleiarar/ev.andre
- evaluering saman med idrettslaget

 

 

Grethe Hillestad
Grethe Hillestad
Rådgiver

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag