Allidrett og inspirasjonsøkt

Vil du vite meir om kva allidrett er og korleis de kan organisere dette i eige idrettslag? Allidrett kan vere tilbod både for barn, ungdom og paraidrettsgrupper.

Allidrett_barn_1110x624.pngtommel_opp_grnn.png

Sjå tilbod under, samt temasida vår om allidrett her! 

Idrettskretsen kan kome på eit digitalt eller fysisk klubbesøk, der vi møter dykk som organiserer allidrettstilbodet i idrettslaget. Vi kan gå gjennom spørsmål frå dykk, og de kan få informasjon om til dømes støtteordningar for allidrett, korleis de kan organisere tilbodet og få hjelp til å ta i bruk og setje opp årsplanar. 

Eit klubbesøk kan gjerne kombinerast med ei aktivitetsøkt (inspirasjonskveld barneidrett) med tips til leikbaserte aktivitetar som kan passe inn i allidrettstilbodet. 

Vil de lære meir om korleis de kan organisere leikbaserte aktivitetar, som påverkar mange ulike grunnleggande ferdigheiter - og som styrkar verdiar som vennskap og trivsel, det å heie på kvarandre og andre sosiale eigenskapar? 

På ei inspirasjonsøkt vil de få tips til aktivitetar som kan passe til oppvarming, hovuddel og avslutning av ei leikbasert økt i barneidretten. Det er ei myte at ein "leikar for å leike", då slike økter er gjennomtenkt og påverkar grunnleggande rørsler, koordinative, fysiske (som t.d. uthald og hurtigheit), psykiske og sosiale eigenskapar. 

Alder: 5-12 år 

Vi set opp digitale temakveldar om Allidrett 1-2 gonger per år. 

Neste temakveld finn du i kalenderen vår her. 

Blir som regel gjennomført i september og mai-juni. 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag